Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Bestem deg, Tony T, bestem deg!

Erna Osland Samlaget 2018 4 anmeldelser

Tony er på sommarferie hos bestefaren sin saman med kusina si, Silja. Alt skal vere som vanleg, men ingenting er det. Eit asylbarn er meldt sakna, og alle trur barnet er drukna. Men kva er det som går føre seg Vis hele forlagsteksten

Tips til å skrive anmeldelse

Solfrid

Solfrid

Skrevet 17. april 2018 av Solfrid på Sagvåg skule

Bestem deg Tony, bestem deg" er ei bok som handlar om ein gut, som er på besøk hos bestefaren, saman med søskenbarnet Silja. Når dei er der finn Tony ei jente på loftet. Ho er i stor fare. Skal Tony hjelpe ho? Eller gløyme ho?
Boka har mange bileter og er lettlest. Boka er ei spenningsbok, og minner meg litt om ein bokserie som eg ikkje hugsar kva heiter.
Forfatteren til boka "Bestem deg Tony T bestem deg" er Erna Osland, og er illustrert av Sigbjørn Lilleeng. Ho er utgjeven av "Samlaget"
Eg likte ikkje så godt denne boka, men det er fordi eg ikkje likar spennings- bøker. Eg likar meir dramabøker. Og den var ikkje så spennande. Handlinga er lett å leve seg inn i fordi den er så lettlest, og då går det så fort. Boka byrjar veldig brått på. Når eg les boka tenker eg på alle barna på flykt. Boka sluttar veldig brått, som om me ikkje får vita korleis det eigentleg endar.
Eg synest du bør lese boka om du likar spenningsbøker. Men eg likte ikkje boka og synest ikkje ho bør få vera med i Bokslukerprisen 2018.


Mali

Mali

Skrevet 16. april 2018 av Mali på Sagvåg skule

Teksten handlar om Tony T som møter ei jente som har rømt. Det skjer på loftet til Tony T. Boka er litt fantasy. FORFATTAR: Sigbjørn Lilleeng.
Eg synest boka var litt kjedeleg fordi den var barnsleg. Elevar i 1.-4. klasse hadde likt boka. Kanskje nokon i klassen liker den, men ikkje meg. Det er litt lett å leve seg inn i boka, men også litt vanskeleg. Det er fordi det er ei bok til born som er yngre enn meg. Forfattaren skriv tydeleg. Det er om Tony T som har eit søskenbarn som heiter Silja. Tony T gjekk opp på loftet. Der var det ei jente som hadde rømt. Ho var i stor fare, og Tony T ville redda ho. Teksten startar med ei skildring. Historia byggjer seg gradvis opp. Det utviklar seg med at den først er litt kjedeleg og så byrjar spenninga. Det som overraska meg var at Tony og Silja møtte jenta på loftet. Eg synst jenta var skummel. Tony T var streng og Silja var kul og lik som meg. Eg blei glad i Silja fordi ho var kul og høyrte ikkje på folk. Eg misliker Tony T fordi han er litt streng. Boka tek opp et viktig emne, som at det er nokon som rømte. Det er viktig for 6.klassinger og ikkje tenke at dei skal rømme. Teksten slutta både forventa og litt uventa. Teksten var lett å lese fordi det var lite tekst og mange bileter. Tony T boka var treig og kjedeleg, men andre i klassen kunne likt ho. Det beste med teksten var at dei redda jenta. Svakheita til teksten er at den burde vore meir spennande og kjekkare. Andre folk kan lese den dersom dei liker lettleste bøker. Eg synst ikkje at boka fortener å vera med i Bokslukarprisen 2018, fordi at den var kjedeleg.
Hilsen Mali 6.klasse😏 Sagvåg skule


Leon

Leon

Skrevet 16. april 2018 av Leon på Sagvåg skule

Boka handlar om Tony og Silje som har en bestefar som ser dårleg.
Ein dag fant Tony ei jente på loftet som var på flukt. Ho heiter Asia. Tony hadde tenkt å hjelpe ho, men ho hadde rømt før han kom tilbake på loftet.
Eg synest boka var kjekk fordi det var krim. Den var lettlest, den hadde mange bileter og då er det lett å leve seg inn i boka. Eg synest denne fortener å vere med i Bokslukarprisen 2018.


Lea Synneva

Lea Synneva

Skrevet 15. april 2018 av Lea Synneva på Sagvåg skule

Bestem deg, Tony T, bestem deg!!

Bestem deg, Tony T, bestem deg av Erna Olsland.
Boka handlar om Tony som er på besøk hos bestefaren, der han finn ei jente som er i stor fare.
Eg synest boka var lettlest og det synest eg er bra. Det var bilete og nokre teikneseriar som gjorde det kjekkare å lese boka. Eg likte boka veldig godt fordi eg synest det var spennande, og eg likte handlinga. Eg synest boka var bra skrive og det kjendes ut som om eg var i boka sjølv.
Eg anbefaler denne boka til ALLE!
Det var ingen bøker eg synst likna på denne, men då er boka ekstra unik😀
Eg synst at boka bør vere med i Bokslukarprisen 2018!!
-Lea Synneva-

Til toppen