Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Snillionen

Arnfinn Kolerud Cappelen Damm 2018 10 anmeldelser

Snillionen er ei humoristisk forteljing om kor vanskeleg det er å vere styrtrik - og eit godt menneske. Ein heilt vanleg dag vinn Frank og mor i lotto. Og då blir sjølvsagt ingen dag vanleg igjen. Alle i bygda er Vis hele forlagsteksten

Tips til å skrive anmeldelse

Samuel

Samuel

Skrevet 16. april 2018 av Samuel på Sagvåg skule

Boka handlar om at Frank og mor vinn i Lotto. Mor blir lei av at folk masar om pengar så ho lagar ein konkurranse om at den som er at den som er snillast i byen vinn ein million.
Denne boka er ei humorbok sjølv om eg ikkje skjønar humoren. Denne boka minner ikkje om nokon andre bøker eg har lese.
Eg likar ikkje teksten fordi den har dårleg humor, som til dømes at hovudpersonen har hjerne på størrelse med ei peanøtt, ein av personane er heilt dust og det er haugevis av banneord.
Det er sånn passe lett å leve seg inn i teksten fordi handlinga var godt skildra men den mangla liksom det som får alt til å gi meining.
Teksten starta litt brått og rett inn i handlinga og sidan teksten skifta fort emne var det vanskeleg å følge med. Den bygger seg gradvis opp og så skiftar den emne og så er den på botn igjen på ein måte.
Det er veldig få personar eg likte og mange eg ikkje likte. Eg likar ikkje Frank fordi han er dum som gir Magnus pengar for å gi til folk for å gjere dumme ting pluss han minner alt for mykje om veslebroren min. Eg likar ikkje Magnus fordi han er valdeleg og han trur at han er smartare enn alle. Han gir folk pengar som ikkje ein gong er hans for å gjere slemme ting.
Teksten sluttar akkurat som forventa og nokon gonger ville eg bare leggje ned boka og gjere noko anna.
Teksten var ikkje lett å lese fordi det er tortur å lese at Magnus gjer og seier dumme ting som Frank ikkje gjer noko med.
Det beste med teksten er at eg ein gong kommer til å slutte og lese den.
Svakheita til teksten er at humoren ikkje akkurat er i toppklasse og det som irriterte meg var Magnus. Eg syns ikkje heilt at andre som meg bør lese Snillionen men dersom du er over 14 år og speler masse skytespel vil du kanskje like ho.
Eg syns ikkje at den fortener å vere med i Bokslukarprisen fordi det er tortur å lese den. Terningkast: 3


Oliver

Oliver

Skrevet 16. april 2018 av Oliver på Sagvåg skule

Forfattar: Arnfinn Kolerud
Boka handlar om Frank og mora hans som vant 24 millioner kroner i Lotto, og så på skulen prøver Frank å skjule at dei har vunne i Lotto.
Så sa moren hans i avisa at den som er snill skal få 1 million kroner, og ho kalla det for snillionen. Dette er ein slags humorbok.
Mine vurderingar om boka:
Eg synest boka er morosam nokon stader og andre kjedelege. Eg kan anbefale den boka, men eg har ikkje lest ferdig boka enda, så eg veit ikkje heilt. Eg synest i alle fall at til det eg har lest no så bør den vera med i Bokslukarprisen 2018/2019


Leon

Leon

Skrevet 16. april 2018 av Leon på Sagvåg skule

Forfattar: Arnfinn Kolerud
Snillionen handlar om ei mor og ein gut. Guten heiter Frank. Dei hadde vunne 24 millionar kroner i Lotto.
Mora ville ikkje sløse vekk pengar slik som alle andre. Frank maste om å kjøpe ting. Til slutt bestemte mora seg for å lage en konkurranse om kven som kunne vere snillast. Boka har korte kapittel og det var lett å lese boka. Eg synest boka var kjekk fordi det var humor.
Eg synes den fortener å vere med i Bokslukarprisen 2018.


Lea Synneva

Lea Synneva

Skrevet 15. april 2018 av Lea Synneva på Sagvåg skule

Snillionen

Snillionen av Arnfinn Kolerud.
Snillionen handlar om Frank. Ein heilt normal dag vinn mor og Frank 24 millionar kroner. Alle i bygda spør om pengar, men mor vil ikkje sløse. Ho blir så lei av alt maset at ho lagar snillionen.
Eg synst boka var litt gøy fordi boka var spennande. Det var spennande kven som skulle vinne snillionen og kven som øydela for andre. Eg synst ikkje boka var super kjekk fordi eg likte ikkje måten teksten var skriven på.
Eg synest likevel at boka bør vera med i Bokslukarprisen 2018!
-Lea Synneva-


Oscar

Oscar

Skrevet 9. april 2018 av Oscar på Hisøy skole

Snillionen var kjempespennende og gøy, men den var vanskelig å lese fordi den var på nynorsk.
Det som var gøy med boka, var at moren til Frank vant 24 millioner i Lotto. Det var dette som gjorde at spenningen steg i meg.
Jeg gir boka terningkast 5!

Vis flere anmeldelser

Til toppen