Bente Bratlund: Svikta

FØR:

1. Påstandsark
Individuelt arbeid

Del ut ark med påstandar til diskusjon (sjå ev. ark til utdeling her).
Elevane skal no lese setningane, krysse av om dei er einige eller ueinige og førebu seg på å forklare kvifor.

Påstandar:

– Føresette bør alltid komme på alle framsyningane til barna deira.
– Det er greitt å ta igjen når ein har blitt svikta.
– Ein må følgje med på kva læraren seier.
– Det er skummelt å synge solo på scenen.
– Det er alltid gale å lyge.
– Det er lov å pynte litt på verkelegheita når ein fortel ein god historie.
– Det er farleg å leve.

Etter det individuelle arbeidet kan elevane eventuelt få diskutere meininga i små grupper på fire elever for å førebu klassesamtalen i punktet under.

2. Påstandar i heil klasse
Klassesamtale

Som førebuing til lesinga kan de diskutere påstandane i heil klasse, der elevane grunngjev synspunkta sine.

Dersom de ønsker det, kan de òg velje å ta utgangspunkt i bokomslaget og spørsmål som :

– Kva ser de på forsida?
– Kva tenker de om personane på omslaget? Kva slags kjensler uttrykker dei?
– Korleis er dei plassert i høve til kvarandre (oppe/nede, framfor/bak)?
– Kva tenker de om fargebruk, klede osb.
– Kva slags relasjon trur de personane har til kvarandre?

Det kan òg vere ein god idé å jamføre med omslaget til Kampen mot superbitchene, ei bok som mellom anna var med på Bokslukarprisen 2015-2016.
– Kva slags likskapar og skilnader legg de merke til?

UNDERVEGS:

– Finn og marker de stadane i utdraget der påstandane dukkar opp. Legg også merke til om det blir gitt en grunngjeving i teksten.
– Noter spørsmål til teksten dersom det er noko de lurer på.

ETTER:

1. Samtale om påstandar etter lesing
Klassesamtale.

Gå igjennom påstandane på nytt og spør elevane om det er nokon som har endra meining. Be elevane dele tankane sine.
– Kvifor har dei endra meining – eller kvifor ikkje?

2. Samtale om utdraget
Klassesamtale.

Snakk deretter om utdraget og la elevane dele tankane sine.

Vi tilrår at litterære samtaler tar utgangspunkt i den personlege leseopplevinga til elevane. Opne og autentiske spørsmål – spørsmål der svaret ikkje er gitt på førehand – gjer det lettare for dei å relatere litteraturen til eigen kvardag og eige liv og dermed også å engasjere seg i litteraturen.

Begynn gjerne med spørsmål som:
– Kva handla dette om? eller
– Kva skjedde her?

Dersom elevsvara vert følgt opp på en oppmerksam og konstruktiv måte, opplever elevane at lesaropplevingane deira blir høyrt og teke på alvor. Det kan til dømes skje ved å la samtalen bygge vidare på elevane sine svar når eit nytt spørsmål blir formulert (såkalla opptak og høg verdsetting).

Når elevane har fått høve til å formulere og diskutere leseopplevingane sine, oppmodar vi deg til å bruke teksten til å stille spørsmål som du veit vil engasjere.
I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:

– Kva slags inntrykk får de av Iris?
– Kva trur de Iris føler når ho tenker på at pappaen hennar ikkje kjem til å komme på framsyninga?
– Kva slags inntrykk får de av Nora?
– Kva trur de ho tenker om Iris?
– Kva tenker de om klassemiljøet i klassa til Iris og Nora? Grunngje svaret.
– Kvifor trur de at dei andre elevane er så interesserte når Iris fortel?
– Kva synest de om at ho fortel at faren er tjukk?
– Korleis hadde de reagert viss de hadde kjent dykk svikta, slik som Iris?
– Kva trur de skjer vidare?

3. Avstemming i heil klasse
Klassesamtale.

Til slutt diskuterer de utdraget i klassen med tanke på å nå fram til ei felles vurdering.

– Likar elevane teksten? Kvifor/Kvifor ikkje?

Det er viktig at synspunkta vert grunngjevne.

Når avstemminga er ferdig, fører de resultata inn på Klassens side og på plakaten.