Magnhild Bruheim: Bjørnemysteriet

FØR:

Klassesamtale

Les ingressen høgt for elevane og be dei sjå på framsida.

NB! Det er meininga at elevane berre skal lytte til utdraget – ikkje lese – og det kan derfor vere ein fordel å vise framsida på ein projektor.

De kan også ta opp kva slags forventningar elevane har til utdraget:

– Bjørnemysterieter tredje bok i den spennande serien om Stian og Stine. Er det nokon som har lese den eller andre bøker i serien? Kva kan de seie om boka/serien (utan å avsløre for mykje)?- Kva slags inntrykk får de når de ser på framsida?

– Sjangeren er krim. Synest de at det går fram av framsida? Fortel!

– Liker de å løyse mysterium?

– Kva kan eit bjørnemysterium vere?

UNDERVEGS:

Elevane tek notat medan dei lyttar til lydfila som høyrer til utdraget frå Bjørnemysteriet. Lydfila er – som lydfilene til alle dei andre utdraga – tilgjengeleg på bokslukerprisen.no. Det kan vere lurt å spele av lydfila to gongar.

ETTER:

1. Skriv eit samandrag

Individuelt arbeid.

Elevane skriv eit samandrag av utdraget på bakgrunn av notata deira.

2. Jamføre samandrag

Gruppesamtale.

Når tida er ute og elevane er ferdige, skal dei sette seg i grupper på 2-3 elevar og samanlikne samandraga dei har skrive. Har dei skrive det same? Kva er eventuelt forskjellig? Har dei fått med det viktigaste? Korleis er det å skulle skrive samandrag av ein tekst utan å lese – berre å lytte?

3. Diskusjon i heil klasse

Klassesamtale

La først elevane dele erfaringane med å skrive og samanlikne samandrag. Dei kan òg snakke om korleis dei opplevde måten utdraget vart lese på. Snakk deretter om teksten med utgangspunkt i leseopplevinga til elevane. Still opne og autentiske spørsmål og oppfølgingsspørsmål som byggjer vidare på svara til elevane.

I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i samtalen:

– Kva slags fordelar og ulemper er det med stesøsken?

– Korleis synest de at Stian og Stine oppfører seg overfor kvarandre?

– Trur de på guten når han seier at han har blitt angripe av ein bjørn?

– Har de nokon gong blitt angripe av eit dyr?

– Korleis hadde de reagert dersom de hadde blitt angripe av ein bjørn?

– Kva trur de kan ha skjedd?

– Kvifor trur de at det første kapittelet startar med «Stine» og det andre med «Stian»?

– Kvifor blir Stian så glad når Stine kallar hendinga «eit nytt mysterium»?

– Liker de å løyse mysterium? Kvifor/kvifor ikkje?

– Kva slags mysterium har de prøvd å løyse?

– Trur de at det kan ha vore ein type som heiter Bjørn som overfall guten? Kvifor/kvifor ikkje?

– Kva trur de skjer vidare?

4. Avstemming i heil klasse

Klassesamtale

Utdraget blir diskutert i klassa med tanke på å nå fram til ei felles vurdering:

Liker elevane teksten? Kvifor/kvifor ikkje? Det er viktig at synspunkta vert grunngjevne.

Når avstemminga er over, vert resultatet ført inn på bokslukerprisen.no.