Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Keeperen og havet

Maria Parr Samlaget 2018

Trille og Lena er bestevener, men venskapet blir satt på
prøve av fleire av dei andre barna, til dømes Birgitte og
Kai-Tommy. I juleferien reiser Birgitte bort, og Trille og
Lena planlegg å gå julebukk i lag, utkledd som spøkelse.
Men så blir det uvêr.

ORKANENGLAR

Spøkelsesplanen kunne vi berre gløyme. Det skjøna vi med ein gong. Om vi skulle hatt lakena over hovudet, hadde vi måtta bardunere dei fast i marka. Den einaste løysinga var å halde dei rundt seg med begge hender og vere englar så godt vi kunne.

– Storm og pisseregn, skreik Lena. – Det er slikt som eg får julestemning av.

Sjølv gjekk eg og gnog på det ho hadde sagt om Kai-Tommy. Sint verja eg ansiktet mot regnet og stampa i vinden.

Vi starta hos onkel Tor.

– Er de ikkje rektige? Ha dykk for svingande heim att! sa han då han opna og fekk ei blanding av regn og vind og «Deilig er jorden» rett i fleisen.

– Snart, sa Lena og opna kjølebagen. – Vi må berre få fylt botnen.

Onkel heiv gryntande oppi noko twist og rømte
inn.

Vi burde gå heim, men det freista ikkje i det heile. Kva skulle eg dit for? Sitte og sjå på bildet frå Birgitte og liste meg på tå rundt mamma? Vi stilte oss i le bak løehjørnet og rådslo litt. Ved ferjekaia låg eit heilt byggefelt fullt av hus med godteri inni. Det var berre eit kvarter å gå, og det var heilt sikkert ingen konkurrerande julebukkar
ute og veiva ein slik kveld.

– Tenk å ringe på hos Kai-Tommy, sa Lena. – Eg skulle like å sjå trynet hans når han innser at vi har snappa heile området medan han sit inne og ventar på snø og dompapar.

Eg kneip sint om handtaket på kjølebagen.

– Vi går, sa eg fast.

• • •

Fy flate, så godt det var å kome ut! Vi nesten flaug bortover
i medvinden. Gatelyktene vaia over oss, og skuggane frå dei store granene på oppsida av vegen dansa vilt i det urolege lyset. Då vi kom til Ellisiv sitt hus, var eg klar for å ta ein song, men Lena meinte det hasta med å gjere unna byggefeltet.

– Vi tek henne på tilbakevegen! ropte ho.

Vi runda neset før ferjekaia og høyrde havet brøle. Dropane vi fekk i ansiktet, var salte. Det tok seg opp no. Av og til kjentest det ut som om vinden tok tak rundt livet på meg og bar meg bortover vegen.

– Vi syng «Eit barn er født i Betlehem». Den er kortast! ropte Lena og begynte å springe opp mot byggefeltet.

Lakenet flagra som ein forvilla klesvask over skuldrene hennar.

Folk vart stort sett heilt forskrekka når dei opna dørene. Lena meinte forfjamsinga gjorde at dei gav oss meir. Vi håva inn!

– Det måtte no vere dykk hardhausane frå Knert-Mathilde, sa Bulder-Kåre og gav oss imponert kvar si gedigne plate med mjølkesjokolade. – Hels Lars, og ha dykk heim!

Men vi kunne ikkje fare heim før vi hadde ringt på hos Kai-Tommy.

• • •

Det ser nesten amerikansk ut, huset til Kai-Tommy og dei. Der er til og med søyler framom inngangsdøra. I hagen dansa tusen julelys i vinden.

Det var broren som opna. Han som er fotballtalent. Ei lyseblå skjorte låg stramt over brystkassa hans, og han kasta på luggen, akkurat som Kai-Tommy. Eg kunne sjå han for meg i fotballdrakt. Minda
hadde vel dåna. Var det slik Kai-Tommy også kom til å sjå ut om eit par år? Var det derfor Birgitte likte han? Motlaust stira eg på støvlane mine, som stakk ut under lakenet, men Lena såg rett på broren og
stemde i med «Eit barn er født i Betlehem» så det ljoma i den store gangen.

Midt i verset dukka Kai-Tommy opp bak han. I brøkdelen av eit sekund såg han sjokkert og forferda på oss, men så tok han på seg det vanlege hånlege gliset, som om vi var dei to største idiotane som
fanst. No kom foreldra også. Mora hadde på seg ein raud julekjole, og Ivar såg ut som ein engelsk manager, i dress. Det siste «hallelujaet» til Lena var spakare under blikket til fotballtrenaren. Men då mora kom med to store sjokoladenissar, gløtta ho på loket til kjølebagen og sa høgt:

– Vi får ta dei lomma, Trille. Her er det fullt.

Då vi lét att døra, høyrde eg fornøgd kor Kai-Tommy ropte inne i gangen: «Kvifor får dei lov og ikkje eg?»

«Ein skulle ikkje tru dei hadde foreldre», svarte mora.

– No trur eg vi går heim, Lena, sa eg.

• • •

Vinden og regnet hadde krope heilt inn på kroppen og gitt kulden overtaket. Eg var ikkje sint lenger, berre sliten og lei. Det var noko heilt anna å gå mot vinden! Det kjentest som å gå rett på ein levande
vegg. Av og til var det nesten vanskeleg å puste. Det beste var å krøke seg saman og gå litt sidelengs, med armen framfor ansiktet. Plutseleg verka vegen heim uendeleg lang. Ei lita uro begynte å gnage i magen. Kva var det vi hadde rota oss borti no, eigentleg?

Men det var først då vi kom ned til ferjekaia, at vi verkeleg skjøna alvoret. Der vart Lena blåsen over ende som ein papirengel. Like etter kom ein iskald sjøsprøyt og vaska heilt opp på vegen så eg mista
fotfestet, eg også. Då vi reiste oss, var vi utan laken begge to. Som på kommando sprang vi ned i grøfta på oppsida av vegen.

– Vi må kome oss rundt neset, brølte eg.

Vi halvvegs gjekk og halvvegs kraup bortover den våte grøfta. Lena slepte kjølebagen som eit anker etter seg. Eg kom på at ho hadde gips, og i det eg snudde meg for å ta bagen, såg eg ei storbølgje kome
fresande over vegen der vi nettopp hadde vore. Ho vaska med seg stein og brøytestikker og alt som var laust. Det måtte vere stormflod! Skrekken slo ned i meg som eit hammarslag. Eg visste ikkje at vinden
kunne skru til så veldig så fort!

Ei ny vindri tvinga oss til å ligge nesten flatt i grøfta. Gatelyktene våga eg ikkje å sjå på lenger. Tenk om dei knakk!

– Trille! Der! brølte Lena.

Eg løfta hovudet. Ei av granene lenger framme var i ferd med å velte. Vinden herja og drog i dei vintergrøne greinene hennar, og i sakte film begynte ho å gi etter. Ho bikka og bikka, og til slutt deisa ho over ende som ei skada kjempe i det ville lyset. Mållause sat vi i grøfta og stira på det enorme treet som låg tvers over vegen der framme.
Vi var ute og gjekk i trevelte-vind!

Og så vart det mørkt. Eg meiner ikkje mørkt som i vanleg mørkt. Eg meiner stappmørkt som inne i eit klesskap på eit mørkt rom med ein mørk gang utanfor. Gatelyktene slokna, prikkane på andre sida av fjorden forsvann, og månen hadde rømt så langt han kunne. Eg famla meg fram til Lena.

Viss vi kraup vidare framover, kunne vi bli mosa under eit tre. Viss vi kraup tilbake til byggefeltet, kunne vi bli vaska på sjøen.

Vi var fanga!

 

ELLISIV, AXEL OG DET STORE SPØRSMÅLET

– Huset til Ellisiv, ropte Lena inn i øyret mitt.

Den raude stova var det einaste som var mellom neset og granene, det visste vi. Men vi såg absolutt ingenting, og det kjentest farleg å skulle krype opp av grøfta. Ei ny vindkule kom dundrande inn frå havet. Det gav seg litt, og eg strauk regnet bort frå auga og virra med hovudet for å finne eit haldepunkt. Var det slik det var å vere blind?

Så var det noko som liksom slo ein liten spikar i mørket.

– Der! ropte Lena.

Det måtte vere eit av vindauga til Ellisiv. Kanskje ho hadde fått fyr på eit stearinlys? Vi begynte å famle oss framover. Kvar gong det kom ei vindkule, la vi oss flatt ned i grøfta. Men i dei små pausane innimellom kara vi oss fram. Lena kraup først, og eg etter med kjølebagen. Til slutt hadde vi kome så langt at huset var rett ovanfor oss. No måtte vi opp på marka.

Vi venta til det roa seg, og så la vi på sprang. Fleire gongar datt vi. Det var umogleg å sjå kvar vi sette føtene, og vinden ruska og reiv i oss med veldige krefter. Då vi kom fram til huset, snubla eg i det nedste trinnet og tryna rett inn i trappa. Det var så vondt at eg brølte. Smaken av varmt naseblod breidde seg i munnen. Eit nytt vindkast bles oss nesten ned på marka igjen, men til slutt fekk eg krafsa meg fram til dørklinka. Eg måtte bruke alle kreftene mine for at døra ikkje skulle blåse av hengslene. Så stupte vi inn i gangen. Bak oss small
døra igjen med eit sugande drønn.

Legg inn din anmeldelse. Skriv inn e-post og skole slik at du kan få premien hvis du blir månedens anmelder

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

30 anmeldelser av “Keeperen og havet

  1. Veldig bra bok jeg vill kjøpe den når den kommer ut,
    Jeg vill gi den terningkast 6️⃣.
    Jeg likte den veldig bra

  2. Veldig spennande og levande bok, som det var lett å kjenne seg igjen i, Heile klassen har lyst å lese resten boka! Me gledar oss til forfattarbesøk til våren!

  3. Veldig spennande og levande bok, som det var lett å kjenne seg igjen i, Heile klassen har lyst å lese resten boka! Me gledar oss til forfattarbesøk til våren!
    Terningkast: 10

  4. Det er kjempe bra bok sånn som de andre bøkene til til Maria Parr har lest hele boka og den er

  5. Litt spennende.Siden vi bruker bokmål i klassen,var det en del ord som var vanskelig å forstå betydningen av.Kanskje kunne noen bilder hjulpet oss til å forstå bedre.

  6. hei. i dag har jeg lest denne boka med klassen min.
    jeg syntes det var litt drama i boken, men det var helt topp for det om.
    jeg har tenkt og spørre mamma om jeg kan kjøpe den boka (elsker den)

  7. Jeg likte denne boka den hadde en god handling og boka var spennene. Jeg syntes denne boka var super.

  8. Drama bøker er ikke akkurat min stil, men jeg likte denne ganske godt! Så jeg synes at denne er veldig bra!😊

  9. Elevene synes at bokas tittel ikke står til avsnittet. De trodde boka handlet om en keeper.

  10. Den var vanskelig å forstå fordi den var på nynorsk. Det var lite spenning. Det var vanskelig å danne bilder på grunn av lite skildring. Det kunne vert bilder.

  11. Keeperen og havet
    Utdraget handler om to venner de het Trille og Lena. De er ute og går julebukk i en orkan. De blir fanget i en grøft mellom vinden, bølgene og trær.

    Vi likte den ikke. Fordi den var nynorsk. Vi liker ikke nynorsk!

    Nei den var ikke spennende

    7-13år.

  12. jeg syntes at boka var litt dårlig fordi den hadde for lang intro PS: jeg har lest hele boka. Men utdraget var veldig bra.

Til toppen