Tu skule

Tu skule ligg i Klepp kommune på Jæren. Bygda vår ligg like ved Bryne. Skulen vår er berre to år gammal, ny og flott. Like ved skulen ligg idrettsanlegget. Der trenar mange av oss fotball og / eller handball om ettermiddagane. Me er ein aktiv gjeng med mykje energ.
Midt i skulebygget vårt ligg biblioteket. Me i sjette er stadig på jakt etter gode bøker av alle slag. Dei fleste av oss er glade i å lesa. Nokre langfriminutt i veka kan dei ivrigaste velja å gå på biblioteket for å lesa i staden for å gå ut. Dette er ekte lesehestar eller bokslukarar om du vil.
Me har vårt eige trinnbibliotek med private bøker som me låner av kvarandre. Der dukkar det opp mange spennande titlar.
I haust deltok me i Bokslukerprisen, og då me fekk høve til å vera med å plukka ut aktuelle bøker til Bokslukerprisen 2017, hoppa me i det. No les me på harde livet, har litterære samtalar og skriv bokmeldingar. Dei kan de lesa på bloggen vår: bokslukarentu.blogspot.no