Adventsbok i 24 kapittel God jul, pirripam! Det er første desember. Fredrik og foreldra sjekkar inn på Bukken hotell. Men det er noko som ikkje stemmer. Fredrik høyrer lydar som ingen andre høyrer. I tillegg går ein geitebukk laus på Vis hele forlagsteksten
Adventsbok i 24 kapittel
God jul, pirripam!
Det er første desember. Fredrik og foreldra sjekkar inn på Bukken hotell. Men det er noko som ikkje stemmer. Fredrik høyrer lydar som ingen andre høyrer. I tillegg går ein geitebukk laus på hotellet, og høgt under taket flyg fuglar rundt med nisselue og skjegg.
Men så treffer Fredrik nissejenta Fryd. Og frå den dagen endrar alt seg. Dei oppdagar at Krampus, ein fråfallen nisse, har kidnappa Erkenissen. No står jula i fare!
Kan Fredrik og Fryd hindre at nissane endar i Den evige kvile?
Jul på Bukken hotell er ei adventsbok delt inn i 24 kapittel. Fylt med nissehumor og juleglede er vi med på ei spanande reise fram mot julekvelden. Vil kjærleiken og håpet overvinne mørket?
Julie
Skrevet 21. mars 2020 av Julie på Årås skule
Jul i kjedelig sta
Det er ei bok om ein forsvunnen julenisse som ikkje kommer seg heim til jul visst ikkje smånissene og Fredrik kan redde han.
Boka starter ganske behagelig, om du skjønner kva eg meiner. Den starter sakte og gir deg tid til å gå litt inn i fortellingen. Boka slutter ganske normalt, men den er ikkje veldig sannsynlig. Forfatteren legger litt på med ting og når dei blander den ekte verda og ein fantasi verden syns eg dei burde halde menneske verden nokelunde som den er, men nei da! Her har dei sitt indre brøl og det ser ikkje ut til at dei har politi her!!!
Boka var ganske lett og lese, men eg blir så irritert av den jenta som bare sier –Piripam –Piripam – Piripam. AHHHHHHH!!!!!!!! Hjelp… KJEDELIG, men eg veit at andre kan like denne boka, men den er ikkje min smak. Terningkast 2