Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Som ein bror

2020 15 anmeldelser

Eit sjimpanseportrett Midt på natta mellom første og andre juledag 1979 blei det fødd ein liten sjimpanse i ein dyrepark i Kristiansand. Han heitte Julius og skulle få ein vanskeleg start på livet. Mora avviste han, og til slutt måtte Vis hele forlagsteksten

Tips til å skrive melding

Marie

Marie

Skrevet 21. mars 2020 av Marie på Årås skule

Boka handlar om Julius som budde hjå ein familie eller to familiar til han vart stor. Mora til Julius fekk Julius og broren, og moren ville berre ha broren, så då måtte Julius flytte i fosterheim. Når Julius blei stor blei han utestengt frå flokken.

Dette er ei faktabok om Julius.
Julius rømde ut i dyreparken, og det gjorde han fleire gongar. Dyrepassarane fekk ikkje kontroll på han, men så kom det ein dyrepassar og fekk kontroll på det og roa han ned.
Eg likte boka veldig godt.
Terningkast 6


Mille

Mille

Skrevet 21. mars 2020 av Mille på Årås skule

Som ein bror
Boka er eit sjimpanseportrett, skrevet av Alfred Fidjestøll.
Handlar om Julius som ble født i 1979 i Kristiandsand dyrepark.
Moren til Julius ville ikkje ha han, så han måtte bli tatt vare på av to familier.
Boken var veldig bra, eg likte godt at det var bilder i boka. Ei fin bok om livet til Julius.
Terningkast 5


Michelle

Michelle

Skrevet 21. mars 2020 av Michelle på Årås skule

Boka var lærik.
Eg syns at boka passar for litt for yngre folk. Men det eg syns var bra med den, er at det står litt alvorlige ting, og ikkje kun der han har budd. Eg gir boka terningkast 3,5.
Det hadde vert veldig koseleg viss han hadde vert broren min!
Bildene var veldig fine.
Det var bra at det gjekk bra med Julius.


Solfrid

Solfrid

Skrevet 21. mars 2020 av Solfrid på Årås skule

Forvist i frå flokken.

Dette er ei historie basert på fakta, som fortel om livet og utfordringane til sjimpansen Julius.
Julius vart fødd i dyreparken i Kristiansand. Han vart ikkje tatt godt vare på av mor si, og dyrepassarane fann han forlaten på golvet i sjimpanseburet, liten og redd. Til deira forskrekkelse var det nokon som hadde bitt av han litt av fingeren. Dette var berre begynnelsen på eit anna liv for Julius.

Boka startar ganske rett på handlinga. Den begynner med at Julius vert avist av mor si, og når dyrepassarane finn han er han nesten død. Det var ganske dramatisk til å begynne med men sida han overlevde den lille humpen i vegen vart det ei fin historie.
Spenningen var opp og ned. Det var nokon plassar du vart heilt forferda. Det var nokre gripande episodar som fekk deg til å forstå det spesielle forholdet det har vore mellom dyr og menneske. Då Julius til dømes budde hjå fosterfamilien sin, hadde han ein leik saman med den eine menneskesystera si. Den andre systera lærte han å male. Boka fortel om då Julius for lengst var kome tilbake til sjimpanseflokken sin, henta han fram aktivitetar som han hadde lært då han budde hjå menneska. Til dømes å male, sove i «seng» og leiken han hadde hatt saman med menneskesystera si. Dette gjorde sterkt inntrykk å lese.
Boka slutta med at Julius vart ein lukkeleg og flink sjimpanseleiar.
Boka var lettlest med mange flotte bileter frå Julius sitt liv.
Eg anbefaler boka til alle som er dyreinterresert.
Terningkast 4


Ingrid

Ingrid

Skrevet 21. mars 2020 av Ingrid på Årås skule

Apekatten i Kristiansand

Denne boka er ei sann bok om Julius.
Midt på natta mellom første og andre juledag 1979 blei det fødd ein liten sjimpanse i ein dyrepark i Kristiansand. Han heitte Julius og skulle få ein vanskeleg start på livet. Mora avviste han, og til slutt måtte Julius flytte inn hos to menneskefamilier.

Boka var vanskelig å legge frå seg. Boka startar beskrivende godt gjennom heile boka.
Boken sluttar som forventa. Opplevelsen min til boka var morosom og gøy.
Miljøet i boka var litt dårleg på begynnelsen, men vart bedre.

Språkbruken var veldig fin, ikkje noko banning.

Boka handlar om Julius og at han budde hos menneskefamilier.
Bokens styrke er at Julius budde hos menneskefamilier og hadde det veldig gøy.
Bokens svakhet er at mora til Julius avviste han og at han fikk narkotika i seg.
Terningkast 6

Vis flere anmeldelser

Til toppen