Skikkeleg kult!
Tora fra Jostedal oppvekstsenter har blitt utvalgt som en av tre personer til å være månedens anmelder for sin vurdering av utdraget fra Den syvende nøkkelen.
Anmeldelsen får frem viktige ting ved teksten, ikke minst den mystiske og litt magiske stemning i utdraget og hva som gjør at Tora lever seg inn i hovedpersonen. Anmeldelsen gjør det samtidig tydelig at leseopplevelsen er foreløpig og basert på et utdrag og overbeviser om at teksten gir lyst til å lese mer.
Vi har tatt en prat med Tora.
Hvordan føles det å være månedens anmelder?
– Skikkeleg kult! Eg likar både å lese og skrive veldig godt, så det var veldig gøy at eg vart det.
Hva synes du om å være med å bestemme hvilke bok som vinner Bokslukerprisen?
– Kjekt. Eg har blitt introdusert for mange bøker eg fekk lyst til å lese eg ikkje visste om, det var berre ei av bøkene eg hadde lese frå før. Det skulle ha vore fleire bøker på nynorsk, då.
Hva slags bøker liker du å lese? Hvorfor?
– Eg likar å lese ganske mange forskjellige typar bøker. Fantasy er ein av dei eg likar best, eg trur det er litt fordi i staden for å ynskje meg magiske krefter, kan eg lese om det, fordi hovudpersonen ofte skil seg ut, og fordi i Fantasy-bøker er det ofte så mange rare samanhengar mellom ting og handlingar. Eg likar nokre bøker som ikkje er Fantasy veldig godt òg, blant anna Cherub. Når du les har du jo det både gøy og du vert betre i rettskriving og slikt, så det er jo eigentleg vinn-vinn.
Har du noen boktips?
– Percy Jackson og oppfølgjarserien Gudene fra Olympos, Harry Potter, Hunger Games, Gone, Cherub, Kabalmysteriet, Sofies verden, Svarte-Mathilda (viss du vil ha ein skikkeleg grøssar), Landet Under Isen, Engelforstrilogien, Kampen mot superbitchene og Superbitchene driter seg ut for å ha nokre døme. Cherub, Harry Potter og Percy Jackson tilrår eg på det sterkaste.
Hva liker du å gjøre på fritida? Har du noen hobbyer?
– Av sport spelar eg fotball og handball, og så spelar eg i korps (kornett), piano og hardingfele. Eg er veldig stolt av å spele hardingfele, og har fått mange vener frå kurs av det. Eg likar også å lage ting, både av papir og stoff/ull, det gjer eg både heime og på husfliden.