Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Ollis

Ingunn Thon Samlaget 2017

Ollis og Gro er bestevenner, men veldig ulike: Gro er modig, medan Ollis er forsiktig. Ho har til dømes med seg kilometerteljar på tur slik at ho ikkje kjem for langt heimanfrå. Ein dag kjem dei seg forbi bråsinte Geite-Tøger og den enda meir sinte Julebukken. På veg innover i Bjørkeskogen finn dei noko som set vennskapet på prøve.

 

4

Med Ollis på bagasjebrettet og Gro på pedalane snirklar sykkelen seg innover den krokete grusvegen. Det er slutten av mai, og det har vore sol og regn om kvarandre i eit par veker, så bjørkene har fått små, syregrøne knoppar på kvistane. Nokre lysstrålar, som akkurat greier å snike seg gjennom blad og kvist, kilar Ollis i andletet og tar vekk det siste av Julebukk-redsle.

Ollis og Gro har vore i Bjørkeskogen før, men han kjennest framleis heilt uoppdaga. Han er nemleg enorm. Ein gong fann dei ein gamal traktor med ei haremor og fire hareungar i skuffa. Og i enden av grusvegen er det sirkelrunde tjernet mamma har sagt at dei ikkje får bade i fordi det er botnlaust. Ollis trur ikkje heilt på det. For om det er botnlaust, må det bety at tjernet går heilt inn i det indre av jorda, gjennom ho til og med, og ut på andre sida av kloden, og hadde det vore slik, hadde det ikkje vore noko tjern, for då hadde vatnet runne ut i universet. Ollis og Gro har prøvd å finne ut akkurat kor djupt det er. Dei festa ei trådsnelle på ein pinne og ein stein i enden av trådsnella og kasta ho uti. Snella snurra og snurra heilt til all tråden var brukt opp, utan at steinen nådde botnen. Ganske kult. Ollis smiler og tenker at Gro har rett, dette er ein bra stad å vere på ein laurdag.

«Var du med far din i går?» spør Gro plutseleg.

«Einar er ikkje far min, Gro!» seier Ollis irritert og dunkar Gro i ryggen med handa.

«Au! Nei, ikkje Einar. Borgefar. Eg prøvde å ringe deg, men du tok ikkje telefonen.»

Ollis kjenner at hjartet dunkar litt fortare, og at ho blir sveitt i hendene.

Ollis har fortalt Gro om Borgefar. Ho har sagt at ho besøker han av og til, og at dei les eldgamle aviser og steiker pølser i brødristaren og ler seg i hel. Og at dei går på kafé og skriv «Ollis og Borgefar er rå folk!» under kaféborda med vassfast tusj.

«Kva gjorde de i går, då?» Gro reiser seg på pedalane att og syklar så fort at Ollis må halde endå fastare rundt ho. Ollis veit at Gro er litt misunneleg på Ollis fordi ho har Borgefar. Gro klagar ofte over at hennar foreldre er dørgande kjedelege og vanlege. Ollis synest ikkje det. Ho synest dei er fine. Så av og til er Ollis litt misunneleg på Gro på grunn av hennar foreldre òg. Og så er det ikkje heilt sant det Ollis har sagt om Borgefar. Ikkje det med avisene, ikkje det med brødristaren. Eigentleg er ingenting av det sant, så ho skundar seg å prate om noko anna.

«Vi stikk til tjernet, då!»

«OK», seier Gro.

Gro bremsar ned der grusveg blir til skogbotn og dei kan sjå det blenke i svart vass-skorpe mellom bjørkekvistane. Ollis hoppar av.

«Vi gøymer sykkelen», seier Ollis. «I tilfelle Geite-Tøger kjem.»

Gro smiler og ristar oppgitt på hovudet. Dei trillar sykkelen litt forbi tjernet og inn mot ei treklynge. Gro tråkkar ned nokre kvistar så dei får lyfta han inn mellom stammane. I det dei skal til å heise han inn, stoppar Ollis.

«Kva er det?» seier ho og bøyer seg litt ned mot noko som ligg på bakken, og rynkar på nasen. Gro ser mot same stad.

Ein ròten, liten plankebit ligg heilt innved foten av treet.

«Det står noko der», seier Gro.

Dei set frå seg sykkelen og huker seg ned medan dei myser mot eit nesten heilt utviska ord.

«Ssss-opp?» seier Gro prøvande.

«Sopp?» seier Ollis.

«Soppskilt?» Gro trekker på akslene. Ollis nikkar og trekker på akslene ho òg.

Gro skal til å lirke sykkelen inn mellom bjørkestammane, då Ollis plutseleg ropar:

«Stopp!»

Gro slepper sykkelen forskrekka.

«Kva?! Hoggorm?! Kvar?!»

Men Ollis ristar på hovudet.

«Stopp! Det står stopp på skiltet!»

 

Det er nokre få ord her i verda som kan stoppe Gro Gran, men «Stopp» er dessverre ikkje eit av dei, det veit Ollis godt. I det ho ser naseborene til Gro vibrere av iver, er det nesten så ho angrar på at ho såg t-en.

«Eit stopp-skilt. Med to utropsteikn. Det kan ikkje bli betre!»

Gro klistrar blikket til bakken og byrjar å rote rundt mellom busk og kratt og under tre og bak steinar, men det er ikkje før Ollis høyrer «Sjå!», at ho finn noko.

Gro drar nokre grastustar til sides.

«Det ser ut som det har gått ein stig innover her.» Ho ser på Ollis med gneistrande auge.

Ollis snur seg og ser nedover vegen. Kanskje ho tør å gå heim att åleine? Så kan Gro få leike oppdagar for seg sjølv. Men Ollis vil ikkje at Gro skal synast ho er feig. Ho må bruke nedteljingsregelen. Om Gro ropar på meg innan eg har talt til fem, må eg bli med, tenker Ollis og byrjar å telje så fort ho kan. Ein, to

«Kom igjen!» seier Gro og marsjerer innover skogen. Ollis sukkar og følger etter.

 

Stigen er utydeleg. Det er berre så vidt dei kan sjå søkket i bakken, men dei kan sjå det. Så dei listar seg lenger innover i skogen. Etter nokre meter oppdagar Ollis til si store glede at stigen blir stoppa av tette klynger med buskas. Ho pustar letta ut.

«Å nei», seier ho og prøver å ikkje høyrast glad ut. «Så dumt, stigen er stengd. Då kan …»

Men før ho har fullført setninga, har Gro kasta seg ned og er i full gang med å krype under. Buksa og jakka hennar henger seg fast i kvist og kvas, men ho greier å komme seg ut på andre sida. Ollis kan ikkje gjere anna enn å følge etter, men kamuflasjegreinene Gro stappa ned i buksa hennar, gjer det heilt umogeleg. Dei stikk ho i andletet og gjer at ho ikkje på langt nær er flat nok. Ollis røskar dei ut og prøver igjen. Kan ikkje bli att åleine på denne sida. Ho gjer seg så lita ho kan og ålar seg under. Det går! I det ho kjem ut på andre sida, ser ho Gro stå stiv som ein stokk og peike rett framfor seg, med dirrande hand.

«Sjå!» seier Gro.

«Å!» seier Ollis.

No vaknar nysgjerrigheita i ho òg. For omtrent femti meter lenger framme heng ein gamal, rusta bom med eit nytt skilt. Dei spring fram til han.

Den brune målinga er gamal og sliten, og bokstavane er slurvete.

«Forbode!» les Gro høgt.

Her står dei, Gro og Ollis, side ved side. Ved ein rusta bom, med eit endå meir rusta forbode-skilt. Og vegen verkar det som ingen har brukt på kanskje hundre år. Dei har oppdaga noko. Noko heilt uoppdaga, eller noko nokon har gløymt. Det sitrar gjennom kroppen til Ollis. Frå tærne og heilt opp i hårfestet. No gjeld det å ikkje feige ut.

«Kva gjer vi?» seier Ollis.

«Vi finn ut kva som er forbode», seier Gro og snur seg mot Ollis.

Ollis nikkar. Så bøyer dei knea, stikk hovudet under bommen, tar kvart sitt steg fram og rettar seg opp att. Dei ser på kvarandre, med alvor i auga. Det er gjort. Dei har brote forbodet. Ollis drar pusten så djupt ho kan, og går.

 

Vegen er så attgrodd at dei heile tida rotar seg vekk og må leite han fram gong på gong. Flytte på gras og lyng og finne att dei gamle søkka etter hjul, eller føter, eller kva det no er som har etterlate seg spor. Ollis har funne fram ei pakke rå spagetti frå sekken, så dei kan legge eit spor av tørre spagettipinnar heile vegen etter seg. Slik blir det lettare å finne attende. Dei kjem lenger og lenger inn i skogen. Fyrst går det eit kvarter. Og så endå eit. Deretter ein heil halvtime. Dei er så langt inni skogen at ein kan lure på om dei snart kjem ut på andre sida. Ollis fiskar kilometerteljaren opp frå lomma. 2,1 står det. Ho kan berre gå 900 meter til. Ho ser etter Gro som jobbar seg målbevisst framover med nasen i graset og tørr spagetti i hendene.

«Blir du aldri redd, du?» ropar Ollis.

Gro snur seg mot Ollis.

«Nei. Eg driv liksom ikkje så mykje med det», seier ho og trekker på akslene.

«Trur eg har vore redd to gonger i mitt liv. Og grine berre ein, men det var …»

«… då du vart fødd», avbryt Ollis.

«Ja», seier Gro og smiler stolt. «Men då gret jo alle.»

Dei går vidare.

Ollis skulle ynske ho var akkurat som Gro. At det å vere så langt heimanfrå i denne mørke skogen ikkje gjorde ho så redd. Men tenk om det er Geite-Tøger som har sett opp skilta? Er det sant at han alltid går til fjellet, eller hender det at han går innover her òg, tenker Ollis og kjenner at hjartet dunkar litt fortare.

«Trur du det er noko hemmeleg, eller trur du det er noko farleg?» ropar Ollis etter Gro og prøver å høyrast så naturleg ut som mogeleg.

«Det er ikkje godt å vete. Det kan vere begge delar», seier Gro fråverande. Ho snur seg mot Ollis, som prøver å sjå meir undrande ut enn engsteleg.

«Eller ingen av delane», fortset Gro og smiler lett.

«Det kan jo vere at det berre er forbode å … tråkke på graset?» seier Ollis, litt for å vere morosam, litt for å roe ned seg sjølv.

«M-m», mumlar Gro og legg ein spagetti ved sida av ein stein.

«Kanskje det var noko her før?» seier Ollis. «At det forbode er fjerna?»

Gro stoppar opp og ser på Ollis med rynka panne.

«Kvifor seier du det?»

Ja, Gro er fryktlaus, men ikkje når det kjem til å kjede seg eller gå glipp av eventyr, akkurat det er ho livredd for. Det veit Ollis.

«Eg berre … Kva om det er ingenting?»

Gro får den bekymra streken rett over augebryna.

«Ingenting? Viss det er ingenting, kan vi gå til i morgon, då. Og dagen etter det, og dagen etter det. Eller til vi blir vaksne! Utan å finne noko som helst. Trur du verkeleg nokon har hengt opp eit forbode-skilt berre for moro?! Berre så vi skal gå rundt inni ein bjørkeskog til vi blir vaksne?! Berre så vi …»

Gro bråstoppar midt i setninga. Ho blir ståande breibeint og stire inn mellom trea, med armane over hovudet og ti-femten stykk rå spagetti i fritt fall frå hendene. Ollis kjenner frykta smelle i bringa i det ho snur seg for å sjå om det er Geite-Tøger Gro ser. Men det er noko heilt anna. Der, nokre meter lenger inn, mellom trestammane, heng ei stor, gul postkasse.

Legg inn din anmeldelse. Skriv inn e-post og skole slik at du kan få premien hvis du blir månedens anmelder

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Løs oppgaven *

17 anmeldelser av “Ollis

    • Ja den må det‼️‼️‼️‼️‼️‼️‼️‼️‼️‼️‼️‼️‼️‼️‼️‼️‼️‼️‼️✌️✌️✌️✌️✌️✌️✌️✌️✌️✌️✌️✌️✌️✌️✌️

  1. 5🎲
    Dette er definitivt en bok jeg ikke ville lest av meg selv. Det er ikke boka sin feil, jeg liker bare andre typer bøker. Likevel var boka veldig god. Jeg likte ikke hvordan Anna og Christina filmet og lo, men jeg likte at Amanda hjalp Lars. Det var morsomt da, når Stein Vidar ropte: Fantastisk Lars! Det er viktig at folk lærer at det ikke er en dårlig ting å være annerledes. Anna og Christina bør se videoen «du er det kvalmeste menneske jeg noen gang har sett» på YouTube, så lærer de at det de gjør er dårlig. Jeg tror at hvis Amanda hadde sagt ifra til læreren, ville det ikke ha hjulpet, fordi jeg tror læreren ikke forsto helt hva som skjedde. Jeg anbefaler boka videre.

  2. Det var veldig kjedelig og lese, jeg ble veldig glad nå jeg var ferdig den var ikke noe spennende, denne boka passer ikke for sjette klassinger, min lilllesøster på 8 kunne likt den 🎲1

  3. 5🎲
    Jeg synes ikke boka var så passende til vennskap men mer som eventyr/krim/mysteriet/fantasy. Jeg ville aldri trodd at bok handlet om dette hvis jeg bare hadde lest overskriften og sjangeren. Jeg mener, det er jo vennskap i boka men mer av en annen sjanger. Det var vennskap når Gro dro med seg Ollis, sånn at Ollis ikke var så redd lenger. Jeg ville heller ikke trodd at sjangeren var vennskap hvis jeg hadde lest utdraget først. Likevel likte jeg boka, den var hyggelig. Det var spennende å lese nynorsk. Jeg anbefaler boka videre.

  4. Ollis
    Jeg likte boken fordi den er nynorsk og jeg har ikke lest nynorsk så mye før.
    Jeg syntes det passer litt mer til eventyr enn vennskap. Jeg anbefaler og lytte og følge med i teksten pågrunn av at det er nynorsk. Jeg likte boken og likte at de målte det kjernet og at de hadde litt fantasi. Jeg gidde en femer fordi det er nytt for meg å lese nyborsk, men jeg anbefaler den selfølgelig.
    🎲 5

  5. Ollis

    Jeg syns at boka var morsomt, fordi Ollis hun bruker en kilometerteller på tur slik at hun ikke gå for langt hjemmefra. Det er morsomt at de finne rare ting i skogen. Jeg gir terningkast 😂😂😂😂😂

Til toppen