5. og 6. klasse på Austebygd Skule

5. og 6. klasse på Austebygd Skule er veldig glad for å vere med på juryoppdraget. Skulen ligg på Radøy, nord for Bergen. På skulen er vi 36 elever, og 10 av dei går i 5. og 6. klasse. 5. og 6. går i klasse i lag.

Vi ville vere juryklasse fordi vi liker å lese og det høyrest veldig gøy ut å bli juryklasse. Vi gleder oss veldig. Vi håper på spenning, humor og kreativitet i bøkene vi skal lese. Det er ekstra spanande å bli med på dette fordi me har aldri vært i Oslo i lag, og fordi me då kan bli betre kjende med kvarandre.