Aktivitetar til Familien Gnork
Desse aktivitetane er laga i samarbeid med Nynorsksenteret.
–
– Lag din eigen «Familien Gnork». Ver kreativ og litt «kreizi». Korleis er familien? Korleis ser faren ut? Kvar bur dei? Har dei naboar? Bur dei i eit rart hus, kanskje? Kva heiter dei? Berre fantasien set grenser. Teikn, skriv og fortel.
–
- Teikn eit nytt omslag til utdraget. Heng dei opp i klasserommet. Grunngje kvifor du har teikna som du har gjort.
–
– Gå ut og spel litt fotball, heile klassa i lag. Men først må de lage eigne reglar. Kva må til for at det skal vere kjekt for alle? Det treng ikkje vere dei vanlege fotballreglane, heller – kanskje det blir mange tullereglar som å bruke berre éi hand eller alltid ha ei hand i bakken? To og to lagar forslag til minst éin regel, og så samlar de alle på tavla og stemmer over dei. Så må de prøve ut reglane. Fungerte reglane slik de hadde tenkt?
–
Lag rommet til Kompis Gnork i ei pappkasse. Møblane kan du også lage i papp. Om du har 3D- skrivar, kan du skrive ut nokre møblar. Du veit at Kompis Gnork har ein slange, men kva andre dyr har han på rommet sitt? Dyra kan du lage i plastilin eller trolldeig. Og kvar bur dyra? Dei bur nok ikkje i bur! Og kva slags mat treng dei? På utsida av pappkassa kan du lage små faktaruter om dyra som bur i rommet. Her kan det vere lurt å samarbeide!
–
I gamle dagar brukte elevane å samle fotballkort som dei kunne byte med kvarandre. Lag eigne fotballkort med bilete av fotballspelarar du likar – eller ikkje likar. Du kan godt ha med Tom, Kompis eller Preben frå Familien Gnork. Du må ha med: Namn, alder, bilete, lag, drakt, flagg og ferdigheiter. Kanskje spesielle kjenneteikn?
–
Finn ut fakta om favorittslangen din. Teikn eit bilete, og skriv ei faktarute til teikninga. Om du vil, kan du lage biletet i naturleg storleik. Kor stor er verdas minste slange? Og kor stor er verdas lengste slange?
–
Likte du denne boka? Prøv disse:
Snillionen av Arnfinn Kolerud
Ufogutt av David Walliams, illustrert av Adam Stower. Oversatt av Sverre Knudsen