Aktivitetar til Gunnars rekordbok

 

Kva meiner du er viktig med ein god ven? Snakk med dei andre i klassen. Lag ei oversikt over kva eit godt vennskap må innehalde.

Faren til Gunnar gjer noko dumt, og Gunnar blir flau. Kva ville du gjort i Gunnars situasjon? Diskuter i grupper i klasserommet.

Har du gjort noko dumt som du angrar på? Kanskje det er noko de kunne snakka om i små grupper? Fekk du hjelp av nokon til å løyse problemet?

Korleis trur du Gunnar har det inni seg? Skriv ned ti ord eller setningar som skildrar kva han føler.

Lag di eiga teikning av Gunnar. Liknar han på Gunnar på omslagsillustrasjonen?

Skriv eit kort dikt om kva Gunnar drøymer om medan han søv.

Sjå på sjangersymbolet til utdraget. Er du einig i at sjangeren/hovudtemaet i denne boka er vennskap? Kvifor/kvifor ikkje? Kva for andre sjangrar eller tema kan passe, tykkjer du?

FLEIRE BOKTIPS:

Tarjei, 13 år av Anja Dahle Øverbye, Samlaget 2023

Sykt barnslig av Morten Solheim, Ena/Vigmostad&Bjørke 2020

Dumme, dumme hjarte av Linda Klakken, Samlaget 2017