Haus skule, Osterøy

6  trinn H_croppet

Me er 6. trinn ved Haus skule i Osterøy kommune utanfor Bergen.

Haus skule er ein 1-7 skule med 156 elevar skuleåret 2014/2015. Målforma som me alle på skulen nyttar er nynorsk. Skulen vår ligg høgt og fritt med utsyn over Sørfjorden. Me har tilgong på fine naturområde og eit flott idrettsanlegg.

Klassen vår består av 29 elevar som likar godt å lese og høyre på lydbøker. Ja, me er ekte bokslukarar! Me gler oss til å starte opp arbeidet som juryklasse, og me skal samstundes lære å skrive gode bokmeldingar. Me har til dømes i haust fått eit sanserom ved sidan av klasserommet vårt som me og vil bruke til lesing av dei fem finalistbøkene. Vårt slagord er: «Me kan, me vil og me får det til!». Me skal og delta med ulike forskingsprosjekt i Årets Nysgjerrigper 2015, og me håpar at me blir endå betre lesarar og bokmeldarar gjennom arbeidet som juryklasse i Bokslukerprisen 1. årgang.

Klassen vår er elles ei livleg elevgruppe som likar godt å jobbe på data, vere i aktivitet og lære nye ting i ulike fag. Fleire av oss spelar fotball på fritida der me spelar på og trenar med fotballklubben Hausvik. Mange av oss er og speidarar i Haus Speidarlag, og sjølvsagt spelar fleire av oss i skulemusikken. Visste de forresten at øya som me bur på (Osterøy) er Nord-Europas største innlandsøy med eit samla areal på 329 km2? Her er skulen vår si flotte heimeside: http://www.osteroy.kommune.no/haus-skule.302802.nn.html

Dette er litt om oss, og me håpar å reise til Oslo på prisutdelinga 23. april 2015. Helsing frå alle oss på 6. trinn ved Haus skule