Aktivitetar til Kode 6
Desse aktivitetane er laga i samarbeid Nynorsksenteret.
Skrive fram spenning
Forteljinga er ei spenningsforteljing.
I ei spenningsforteljing skaper forfattaren spenning på mange måtar. Ein av desse måtane er å skildre omgivnader, lydar, lukter og folk slik at kjensla av spenning aukar for oss som les.
Skildre omgivnader
I ei spenningsforteljing vil forfattaren ofte skape spenning gjennom korleis han skildrar omgivnader med alle sansar. Dei vi ser, luktar, høyrer og kjenner, kan skape spenning.
– Korleis er Blåhuset skildra?
– Svar på oppgåvene på arbeidsarket.
– Kan du karakterisere huset med eitt ord?
Skildre personar
I ei spenningsforteljing vil forfattaren også skape spenning gjennom korleis han skildrar personar.
– Korleis ser dei ut? Korleis går dei? Korleis snakkar dei?
– Korleis er mor til Stian skildra?
– Kan du karakterisere mor til Stian med eitt ord?
Kva skjer vidare?
Du skal no tenkje ut kva som kan skje vidare i forteljinga. Du skal tenkje ut kva for nokre grep du må ta for å gjere forteljinga spennande vidare.
–
Finn ut meir om forfattaren og lag eit forfattarportrett.
–
Sjå på sjangersymbolet til utdraget. Er du samd i at sjangeren/hovudtemaet i denne boka er thriller? Kvifor / kvifor ikkje? Kva andre sjangrar eller tema kan passe, synest du?
–
Lån Kode 6 på biblioteket og les vidare på spenningsforteljinga.
Fleire boktips:
Slottet av Agnar Lirhus, Cappelen Damm 2021
Sprettball av Kamilla Staurland, Cappelen Damm 2025
Fugleguten av Rune Belsvik, Sigbjørn Lilleeng (Illustratør), Samlaget 2019