Aktivitetar til Mamma på dass

Teikn ditt eige omslag til tittelen. Korleis vil det sjå ut om du tenkjer på ein liknande situasjon?

Anders Totland er ein produktiv forfattar og har skrive mange bøker for barn og unge. Sjå om du kan finne om forfattaren og dei andre bøkene han har skrive. Lag ein presentasjon! Bruk ulike kjelder, og husk å sjekka dei grundig.

Sjå på sjangersymbolet til utdraget. Er du einig i at sjangeren/hovudtema i boka er drama? Kvifor/Kvifor ikkje? Kva andre sjangrar eller tema kan passa meiner du?

Lag klassens eigne «influencer-reglar», det vil seie reglar for korleis vaksne eigentleg burde oppføre seg på sosiale medium.

Lag ein plakat med ti punkt. Døme på reglar :

Regel 1: Du får ikkje poste bilde mens eg søv

Regel 2: Ingen Instagrampostar merka #mammaslillegullklump utan samtykke.

Regel 3: Ikkje bruk filter som gjer deg yngre enn meg.

Metode: Bruk fantasien, teikn, skriv for hand eller lag plakaten digitalt.

 

Likte du denne boka? Kva med desse?  

Sommeren alt skjedde av Iben Akerlie, Aschehoug 2022 

Gunnars rekordbok av Anders Totland, Vigmostad & Bjørke 2024 

Starlet av Anne Gunn Halvorsen og Randi Fuglehaug, Aschehoug 2025