Aktivitetar til Stella står i det
Sjå på sjangersymbolet til utdraget. Er du einig i at sjangeren/hovudtema i denne boka er drama. Kvifor/kvifor ikkje? Kva andre sjangrar eller tema kan passa, meiner du?
–
Lag ei speleliste med gode bursdagslåtar til Stella. Bruk dei i klasserommet når ein av dykk har bursdag!
–
Kva er din drøymebursdag? Teikn, skriv og fortel.
–
Stella syns at det er vanskeleg at dei ikkje har så mykje pengar. Kva slags kvardagsutfordringar kan det skapa å ha litt dårleg råd. Kva kan ein gå glipp av? Og ikkje minst: Kva kan ein lære av det? På kva måtar vert ein nøydt til å bli meir kreativ?
–
Sjå på tittelen: Stella «står i det.» Kva tyder det? Kan du finne synonym til utrykket? Kva er eit synonym? Og kva er eit antonym? Forklar for kvarandre.
Likte du denne boka? Kva med desse?
Berre hopp av Åshild Moldskred, Samlaget 2021
Ikke lov å le av Kine Jeanette Solberg, Aschehoug 2021
Raringen av Kari Stai, Samlaget, 2026
Buffy By er talentfull: en selvbiografi av Ingeborg Arvola, Cappelen Damm 2019