Vera Micaelsen: Discosatan

FØR:
Del ut ark med påstandar til diskusjon (sjå eget ark i PDF-versjonen av rettleiinga). Elevane skal no lese setningane, krysse av om dei er einige eller ueinige og førebu seg på å forklare kvifor. For å førebu grunngjevingane kan elevene eventuelt diskutere meininga i små grupper på fire elever før de held fram.
Som førebuing til lesinga kan de diskutere påstandane i heil klasse, der elevane grunngjev synspunkta sine.

Påstandar:
– Det er betre å kjøpe ein dyr ting som held lenge, enn mange billige ting som går sunde.
– I idrett er det ikkje viktig kor mykje pengar ein har.
– Du har eit ansvar for dei du er på lag med til å satse og vere seriøs.
– Disiplin betyr meir enn originalitet og kreativitet i idrett.
– Foreldre/føresette bør stille opp på kampar og konkurransar.
– Eg synst det er greitt å sykle gjennom ein kyrkjegard.
– Ungdom no til dags er meir skikkelege og ordentlege enn før.
– Ein skal gjøre det ein kan for å oppnå draumane sine.

UNDERVEGS:
– Finn og marker de stadane i utdraget der påstandane dukkar opp. Legg også merke til om det blir gitt en grunngjeving i teksten.
– Noter spørsmål til teksten dersom det er noko de lurer på.

ETTER:
1.Samtale om påstandar etter lesing
Klassesamtale.

Gå igjennom påstandane på nytt og spør elevane om det er nokon som har endra meining. Be elevene om å dele sine tankar. Kvifor har dei endra meining – eller kvifor ikkje?

2.Samtale om utdraget

Klassesamtale.

Snakk deretter om utdraget og la elevane dele tankane sine. Vi tilrår at litterære samtaler tar utgangspunkt i den personlige leseopplevinga til elevene. Opne og autentiske spørsmål – spørsmål der svaret ikkje er gitt på førehand – gjer det lettare for elevene å relatere litteraturen til eigen kvardag og eige liv og dermed også å engasjere seg i litteraturen. Begynn gjerne med spørsmål som: «Kva handla dette om?» eller «Kva skjedde her?». Dersom elevsvara vert følgt opp på en oppmerksam og konstruktiv måte, opplever elevane at lesaropplevingane deira vert høyrt og tatt på alvor. Det kan for eksempel skje ved å la samtalen bygge vidare på elevane sine svar når et nytt spørsmål vert formulert (såkalla opptak og høg verdsetting). Når elevene har fått høve til å formulere og diskutere leseopplevingane sine, oppmodar vi deg til å bruke teksten til å stille spørsmål som du veit vil engasjere. I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:

-Kvifor trur de Kine går til dans?
-Korleis trur de ho likar seg der?
-Kven trur de den mystiske dama er?
-Kva trur de skjer vidare?

3. Avstemming i heil klasse

Klassesamtale.

Til slutt diskuterer de utdraget i klassen med tanke på å nå fram til ei felles vurdering. Likar elevene teksten? Kvifor/Kvifor ikkje? Det er viktig at synspunkta vert grunngjevne.
Når avstemminga er ferdig, fører de resultata inn på Klassens side og på plakaten.