Øystein Wiik: Den syvende nøkkelen
A. FØR:
Klassesamtale.
Heng opp plakaten på ein eigna stad i klasserommet.
Sjå på bokomslag, tittel, sjangerlogo og snakk om forventningar til utdraget.
Samtalen kan konkretiserast med utgangspunkt i spørsmål som:
– Kva viser bildet?
– Kva for tankar får de når de ser på bildet?
– Kva for stemning formidlar bildet – romantisk, spennande, skummel, ekkel, morosam, dramatisk?
– Kva er det som gjør at de får den kjensla?
– Kvifor trur de boken heter Den syvende nøkkelen?
– Bokslukarfiguren viser fantasy. Kjenner de denne sjangeren?
– Kva forventningar har de til ei fantasy-bok?
– Boken skal bli film – kva slags film trur du det vil bli?
Dersom læraren vurderer at utdraget kan bli en utfordring for elevane, kan det vere en fordel å lese ingressen og fortelle litt om den fjerde veggen. Det går også an å nemne at ein del namn – som for eksempel Ridder Blåskjegg, Den flyvende hollenderen, Sparafucile, Limonadeelven osv. – viser til figurer frå kjente operaer eller ballettar. I tillegg kan det vere lurt å forklare ord som: teleplasma, poltergeist, elementærånder, kollisjon, gjenstridig, sentrifugalkraften,
B. UNDERVEGS:
Sitatlogg
Elevene vel ei eller fleire samanhengande setningar som gjør inntrykk på dei. Det kan for eksempel vere fordi setningane er:
– Spennande
– Overraskande
– Skriven slik at stemninga i utdraget kjem tydeleg fram
– Ei god skildring
Be elevene lese høgt det beste sitatet i par og/eller i klassen
C. ETTER:
1. Personleg meining
Individuelt arbeid.
Be elevane ta stilling til utdraget:
Likte du utdraget? Kva er dei 3 viktigaste grunnane til at du likar/mislikar teksten?
2. Finn argumenter
Gruppesamtale.
Elevene jobbar i grupper på 4-5 elever. Be dei snakke saman i gruppene om kva dei synes er bra og/eller dårlig med teksten, og kva dei eventuelt synes kunne vore betre. Lag to lister: éi liste over de tinga som er med på å gjere teksten god (argumenter for), og éi liste over ting som dreg ned (argumenter mot).
På lista over argument for kan det til dømes stå:
«Eg synst at…det var skummelt då det fantastiske sverdet plutseleg landet med spissen i scenegolvet rett ved sida av Alfredo og Kjell.»
På lista over argumenter mot kan det til dømes stå:
«Eg likte ikkje dette med plasmaet, for eg skjønte ikkje heilt kva det var for noko.»
Be elevane skrive så mange fordelar og ulemper som dei klarer.
3. Streken
Klassesamtale.
Sjå skildringa av Streken i opplegga om Kampen mot superbitchene og Med beina på nakken.
4. Oppsummering og avstemming i heil klasse
Klassesamtale.
Snakk om kva de har kome fram til i gruppene. Deretter kan de diskutere utdraget i klassen med tanke på å nå fram til ei felles vurdering:
Liker de teksten? Kvifor/kvifor ikkje? Det er viktig at synspunkta vert grunngjevne.
Det er dessutan viktig at rammene er hyggelege og at elevene får framføre si oppleving og akkurat dei meiningane som betyr noko for den enkelte. Dersom det er muleg, kan det vere ein god idé å kombinere avstemminga med ei hyggeleg avslutting på veka, til dømes fredagskos med frukt, kake eller quiz. Når avstemminga er ferdig, kan de føre resultatet inn på Klassens side og på plakaten.
Justering av stemmene.
Etter å ha lest og stemt over alle utdraga i Bokslukarantologien i løpet av en periode på 11 veker, kan elevene ha endra oppfatning. For å ta høgde for dette er den elektroniske avstemmingsforma laga slik at klassen har mogelegheit til å endre på stemmene heilt fram til slutten på aksjonsperioden. Dersom klassen for eksempel meinte at den første teksten var «super», men etterpå har lest utdrag som dei er einige om er enda betre, kan klassen endre stemma si slik at det endelege resultatet avspeglar utviklinga. Vi har valt dette fordi vi ønskjer å signalisere at det går an å endre meining om ein tekst etter gode og opne diskusjonar, og fordi elevane kan ha har utvikla seg som lesarar undervegs.
Læraren har derfor mulegheit til å opne for ein avsluttande diskusjon på slutten av aksjonsperioden, før fristen søndag 8. november, for å stadfeste kva for 5 utdrag klassen ønskjer å sende til superfinalen.