Åheim skule, Møre og Romsdal
Åheim skule ligg i Vanylven kommune, heilt sør i Møre og Romsdal. Dette er ein liten skule med ca 90 elevar frå 1.-10. klasse.
6. klasse ved Åheim skule er en kjekk og kul gjeng på 9 elevar, 2 gutar og 7 jenter. Vi er ein aktiv gjeng som driv med aktivitetar som fotball, taekwondo, teater, kor, friidrett, klatring og 4H.
Vi er veldig glade i å lese bøker og Bokslukerprisen har vore vekas høgdepunkt. Vi har lese og høyrt utdraga, diskutert og skrive kommentarar/bokmeldingar med stort engasjement.
Vi har allereie komme godt i gong med bøkene, og no i midten av januar er nesten heile klassa ferdig med 3 av dei 5 bøkene som vi skal lese. Dette er verkeleg ein gjeng bokslukarar! J Etter at vi hadde lese alle utdraga i haust hadde alle funne sin favoritt, men dette har forandra seg etter kvart som vi har lese heile bøkene. Det blir spennande å sjå det endelege resultatet.
I januar var vi så heldige å få ein ny elev i klassa vår, Hipinmara frå Australia. Ho snakkar engelsk og har ikkje lese utdraga og bøkene endå, men vi har prøvd å forklare kva bøkene handlar om. Det er veldig spennande og lærerikt å ha ein engelsktalande elev i klassa.
Vi tek oppdraget som juryklasse på alvor, og vi gleder oss veldig til å reise til Oslo for å møte forfattarane og vere med på prisutdelinga. For å finansiere turen har vi panta flasker og baka lefser, og vi har allereie fleire planer for korleis vi skal skaffe pengar til reisa.