Sagvåg skule, Hordaland
Vest på øya Stord, i utkanten av tettstaden Sagvåg, ligg skulen vår. Den har ca 150 elevar fordelt på 7 trinn.
Sagvåg skule har eit flott skulebibliotek med mange kjekke bøker, og nokre elevar på mellomsteget får vera bibliotekassistentar:
Her er me, altså 6. klasse. Me er ein glad gjeng på 22 elevar, og dei fleste av oss likar godt å lese bøker. Me synst det er kjekt og spennande å få vera ressursklasse for Bokslukarprisen 2018.