Valldal skule Møre og Romsdal
Hei, alle saman!
Dette er oss, 6. klasse på Valldal skule.
De har sikkert høyrt om Geirangerfjorden, Trollstigen og kanskje Tafjordfjella? Om lag midt mellom desse, bur vi. Valldal er kjent for å dyrke jordbær, og om sommaren er det jordbæråkrar så langt du kan sjå. Her er heimesida til skulen vår! https://www.norddal.kommune.no/om-skulen/
I klassa vår er vi 14 elevar, og vi er ein livleg og engasjert gjeng! Vi elskar å diskutere og utfordre meiningane til kvarandre, noko som kjem godt med når vi skal vere ekte litteraturkritikarar.
I haust har vi kosa oss mykje med å lese dei ti utdraga i bokslukarantologien, og vi har ikkje alltid vore like lette å begeistre! For oss er det humor og spenning som er det viktigaste for at ei bok skal vere kjekk å lese, men samstundes kan det vere svært ulikt kva som fell i smak for den enkelte av oss.
Vi er kjempeglade og stolte over å få vere ei av dei ti klassene i landet som skal vere med på å avgjere kva bok og forfattar som aller mest fortener den gjeve Bokslukerprisen! Når vi no skal ta fatt på dei fem superfinalistane er vi klare for å ta oppdraget vårt på blodig alvor. Etter utdraga å dømme har vi som klasse på førehand ein klar favoritt, men vi vil ikkje røpe kva for ein. Vidare er vi spente på om det er den same boka vi har mest sans for når alle bøkene er lesne frå perm til perm!
Kva dommen vår fell på må vi vente til april med å sjå. Til den tid, ha det godt, og kos dykk med bøker i vintermørket! Det skal i alle fall vi gjere 😉
Helsing 6. klasse på Valldal skule.