Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

10 ville ekspedisjonar

Pia Strømstad Samlaget Illustratør: Trond Bredesen 2018

Neil Armstrong var førstemann på månen. Ellen MacArthur segla jorda rundt heilt åleine gjennom storm og bølgjer. Og ingen har vore så djupt nede på havbotnen som James Cameron.

I boka Ti ville ekspedisjonar møter vi desse og sju andre oppdagarar.
Kva er det som får folk til å reise til stader der ingen før har vore? Til å klatre høgast, dykke djupast, leggje i veg inn i område som er kalde, våte, farlege, utan å vere sikre på om dei nokon gong vil klare å vende attende? Vi blir kjende med utforskarar frå dei siste hundre åra, folk som har vore villige til å måle krefter med naturen og det ukjende. Oftast høyrer vi om dei vellykka ekspedisjonane, om dei som lykkast i å komme heilt fram eller setje rekorden dei håpte på. Men mange når ikkje målet. Fridtjof Nansen nådde ikkje fram til Nordpolen slik han hadde planlagt. Andre kjem aldri tilbake.
Ti ville ekspedisjonar fortel kunnskapsrikt og underhaldande om ein grunnleggjande menneskeleg lengsel etter å flytte grenser og finne svar. Dette er historier som kan utfordre unge lesarar, og som dei også kan kjenne seg igjen i.

Comments are closed.

Om Bokslukerprisen

Kontaktinfo

Prosjektleder og redaktør:
Christian Didrik Goveia Jacobsen
christian@stiftelsenlese.no

Besøks – og postadresse:
Stiftelsen LESE
Torggata 5
0181 Oslo

 

kontakt@stiftelsenlese.no
941 29 000

Personvernerklæring

Om Bokslukerprisen

Bokslukerprisen er en gratis og nasjonal leselystpris for mellomtrinnet.

Bokslukerprisen er en antologi med utdrag fra 10 gode barnebøker fra det siste året.

Bokslukerprisen er et leselysttiltak for 4 000 klasser og 120 000 elever.

Bokslukerprisen er en pris der elever på 5., 6. og 7. trinn bestemmer hvem som vinner.

Bokslukerprisen deles ut neste gang 21. april 2027, i Oslo.

Bokslukerprisen ble arrangert første gang skoleåret 2014/2015 og delt ut første gang i april 2015.

Bokslukerprisen arrangeres av Stiftelsen lese.

Til toppen