Tu skule, Rogaland
5. trinn
Midt ute på Jæren finn du bygda vår, Tu. Det er ei lita bygd med gardar, gartneri og litt industri. Frå det høgaste punktet i bygda, Tinghaug, kan me sjå ut mot dei flotte strendene og sjølve Jærhavet i vest. Vender me blikket sørover, ser me småbyen Bryne.
Tu skule ligg midt i bygda. Skulen vår er berre tre år gammal, romsleg og god. Her er 267 elevar frå første til sjuande trinn, og me i femte tel 39 elevar. Skulen vår har nynorsk som skriftspråk. Like ved skulen ligg Kåsen idrettshall. Der er mange av oss medlemmer, og me likar å spela fotball og handball.
I friminutta nyttar me kunstgrasbanen til idrettslaget, og gymtimane har me i hallen.
Me har eige korps. Kjem du innom skulen ein torsdags ettermiddag, kan det hende du møter dei musikkinteresserte av oss.
Me jobbar mykje på læringsbrettet, og me trivst godt i skaparverkstaden med koding og programmering. For tida er me i full gong med prosjektet Årets Nysgjerrigper.
Mange av oss er blitt glade i lesing. I haust hadde me besøk av Bobbie Peers, og fleire av oss vart gira på bøkene hans og har lese dei fleste. I haust var me deltakarar av Bokslukerprisen, og me har lese metervis med bøker.
No er me i gong med lesinga av bøker som kanskje skal bli med på Bokslukerprisen 2019. Gå inn på bøkene og les sjølv kva me opplever og skriv om dei.