Å melde på Bokslukerprisen

Ei bokmelding kan vere ein tekst der du fortel kva du synest om ein tekst eller ei bok du har lese. Og kor du forklarar kvifor du liker eller misliker teksten/boka.

Poenget med å skrive ei bokmelding til bokslukerprisen.no, er å fortelje andre barn kva du synest om teksten. Vi veit også at meldingane på nettsida blir lese av forfattarar og forlag. Så di meining betyr noko!

I ei bokmelding bør du få fram:

Korleis DU opplevde teksten.
Kva som gjer teksten god eller dårleg.
Kvifor andre bør lese boka (eller la vere).

For å skrive ei god bokmelding kan det vere lurt å gjere litt forarbeid:

– Skriv ned stikkord eller korte setningar når du les teksten. Skriv om tankar og følelsar du får undervegs og kva det er ved teksten som gir deg desse tankane. Du kan òg bruke friloggen som du finn HER.
– Bruk notata dine og skriv ned dei tre viktigaste grunnane til at du liker eller misliker teksten. Finn døme som grunngir meininga di. Kva var bra og dårleg med teksten? Og kvifor?
Det kan òg vere lurt å snakke med andre som har lese teksten for å få idear – ein eller fleire av klassekameratane dine, til dømes.

Då er du klar til å skrive bokmeldinga di.

Viss du vil ha tips eller idear til korleis du kan gå frem når du skriv bokmeldinga, kan du sjå HER.