Aktivitetar, Blå flaggermus

 

1.

Sander og Thomas skal dra ein spøk som går for langt.
Har du sjølv gjort det nokon gong? Snakk saman i klassa.

 

2.

Kva er den beste spøken du veit om? Skriv ned og presenter for klassa.

3.
Konkurranse

Lag ei framside til Blå flaggermus.

Sjå på framsida til Blå flaggermus og les utdraget. Kva synest du om samanhengen mellom bilde og tekst?

Ver omslagsdesigner og lag eit forslag til ei ny framside til boka. Korleis får du fram handlinga og stemninga i teksten? Kva og kven skal være med på bildet? Kva slags farger? Korleis får du fram kva slags bok det er? Korleis gir du lesaren lyst til å lese boka?

Hugs å ha med tittel på boka, forfattar og forlag. Du kan gjerne bruke foto, teikning, bildebehandlingsprogram og så bortetter. Last opp bidraget ditt under.
Du kan òg sende det i posten til Foreningen !les, Øvre Slottsgate 3, Postboks 183, 0102 OSLO.

Dei beste forslaga blir premiert med bokpremiar.

Hugs å legge ved bildet og hugs òg å skrive namnet ditt og namn på skulen du går på, slik at vi kan kontakte deg viss du vinn.

Fristen for å sende inn er 9. november.