Aktivitetar, Kampen

Desse aktivitetane er laga av Foreningen !les og Nynorsksenteret. 

1

Konkurranse: La deg inspirere av tematikken i boka og skiv eit dikt. Vi velger ut det beste diktet mellom veke 35 – 45 og vinnaren får tilsendt ei bokpakke.

  2

– Heiar du på eit fotballag, eller eit anna type idrettslag? Lag ein kort presentasjon for resten av klassa. 

3

– Andreas lagar ei teikning av Viljar i utdraget. Korleis ser han ut? Lag di eiga teikning av Viljar. 

4

– Lag ei speleliste med ti songar om forelsking. Byt og del med dei andre i klassen. Har dei andre dei same songane, eller heilt ulike?  

5

– La deg inspirere av boka (med tema vennskap, kjærleik, fotball og musikk). Lag ei fargerik og optimistisk teikning med regnbogen øvst. Teikninga kan innehalde ein parole. Ein parole er eit slagord. Det er ei slagkraftig og tydeleg setning, eller ei formulering som uttrykkjer eit krav eller ei haldning. 

Oppgåva kan også gjerast ved bruk av digitale verktøy. 

Gjer deg flid og still ut / vis fram i klasserommet. 

6

Ein kamp kan vere så mangt. Har du vore i nokre kampar i ditt liv som du huskar godt? Lag ei forteljing, ei teikning eller ei dramatisering slik du vil framstille den.