Aktivitetar, Skallen

Desse aktivitetane er laga av Foreningen !les og Nynorsksenteret.  

 1

Skriv ei bokmelding av utdraget. Synest du det var skummelt? Kvifor/kvifor ikkje? Framfør bokmeldinga for klassen, eller heng ho opp i klasserommet. 

 2

Skriv ein grøssar eller lag ein video. Les høgt eller vis han for klassa. 

 3

Slå av lyset i klasserommet og lag ei teikning av hovudskallen frå utdraget. 

 4

Jobb saman to og to, og sjå på denne nettstaden: https://denungeherrholm.smugmug.com/Other-Arts/Daily-Ink-Monsters/
Bestem dokker for eit av bilda dokker synest er skummelt. Diskuter med kvarandre kvifor det er skummelt. Dokker kan sjå på nokre av bilda i samla klasse og snakke saman om kva som lagar ein skummel effekt. 

 5

Mange segner kan ha eit overnaturleg eller skummelt innhald. Finn ut kva ei segn er, og om det finst nokon segner på/om heimstaden din. 

6 

Teikn eit kostyme du kunne tenke deg å bruke på halloween.