Aktivitetar til Familien Gnork

 

Desse aktivitetane er laga i samarbeid med Nynorsksenteret 

– Lag din eigen «Familien Gnork». Ver kreativ og litt «kreizi». Korleis er familien? Korleis ser faren ut? Kvar bur dei? Har dei naboar? Bur dei i eit rart hus, kanskje? Kva heiter dei? Berre fantasien set grenser. Teikn, skriv og fortel. 

 - Teikn eit nytt omslag til utdraget. Heng dei opp i klasserommet. Grunngje kvifor du har teikna som du har gjort. 

– Gå ut og spel litt fotball, heile klassa i lag. Men først må de lage eigne reglar.  Kva må til for at det skal vere kjekt for alle? Det treng ikkje vere dei vanlege fotballreglane, heller – kanskje det blir mange tullereglar som å bruke berre éi hand eller alltid ha ei hand i bakken? To og to lagar forslag til minst éin regel, og så samlar de alle på tavla og stemmer over dei. Så må de prøve ut reglane. Fungerte reglane slik de hadde tenkt?

 

Lag rommet til Kompis Gnork i ei pappkasse. Møblane kan du også lage i papp. Om du har 3D- skrivar, kan du skrive ut nokre møblar. Du veit at Kompis Gnork har ein slange, men kva andre dyr har han på rommet sitt? Dyra kan du lage i plastilin eller trolldeig. Og kvar bur dyra? Dei bur nok ikkje i bur! Og kva slags mat treng dei? På utsida av pappkassa kan du lage små faktaruter om dyra som bur i rommet. Her kan det vere lurt å samarbeide!  

 I gamle dagar brukte elevane å samle fotballkort som dei kunne byte med kvarandre. Lag eigne fotballkort med bilete av fotballspelarar du likar – eller ikkje likar. Du kan godt ha med Tom, Kompis eller Preben frå Familien Gnork. Du må ha med: Namn, alder, bilete, lag, drakt, flagg og ferdigheiter. Kanskje spesielle kjenneteikn?  

Finn ut fakta om favorittslangen din. Teikn eit bilete, og skriv ei faktarute til teikninga. Om du vil, kan du lage biletet i naturleg storleik. Kor stor er verdas minste slange? Og kor stor er verdas lengste slange?  

Likte du denne boka? Prøv disse:

Full bajas av Ingunn Thon, illustrert av Maja Kjellstad Aanonsen

Snillionen av Arnfinn Kolerud

Ufogutt av David Walliams, illustrert av Adam Stower. Oversatt av Sverre Knudsen