Aktivitetar til Historia om Erling Braut Haaland

 

 

 Erling flytta frå familien og trygge rammar i Bryne, i ung alder for å satse på fotballen. Kunne du gjort det same? Kvifor? Kva hadde vore utfordringane med det? Kva hadde stoppa deg? Snakk saman i grupper, lytt til kvarandre og del synspunkt og tankar.  

 Erling kjem frå ei lang rekke med meir eller mindre kjende idrettsfolk i familien. Har du familie og slekt som har bemerka seg med noko? Idrett, musikk, politikk, litteratur, kva som helst. Spør nokon heime, finn informasjon på internett og fortel klassen din. Kanskje du kan halde ei framvising med digitale hjelpemidlar?  

– Du er journalist og skal intervjue Erling. Lag spørsmåla og gjennomfør intervjuet saman med ein læringspartnar. Legg premissane for intervjuet: Når skjer det? Rett etter ein kamp? Heime i stova på Jæren? Vær kreative og leik med intervjuformatet.  

– Lag ein faktapresentasjon om Erling, faren Alfie, Jæren/Bryne/Rogaland, eller ein av klubbane/byane som Erling har spelt i. Eller spelar i. Det kan til dømes være eit radioprogram, ein podcast, ein film eller ein presentasjon. Du kan også velje å skriva ein faktatekst, gjerne med bildar og illustrasjonar.  

– Kva er din store draum, eller ditt store mål? Og korleis skal du oppnå draumen/ nå målet?  Fortel!  

 

Likte du denne boka? Prøv disse: 

Verdens beste Haaland – alt om gullsesongen 22/23 av Hans Olav Brenner

Historien om Martin Ødegaard av Halvor Mjaugedal

Jeg er Zlatan av Zlatan Ibrahimovic. Oversatt av Sverre Knudsen