Aktivitetar til Jenny Fender

Det er mange musikkreferansar i Jenny Fender. Kvart kapittel startar til dømes med ein song og lenkje til Spotify. Finn ut meir om songane og artistane, og hald ein presentasjon for klassa. Lag ei speleliste i klassa med songane frå Jenny Fender.

Musikken i boka er mest rock, men også andre sjangrar. Finn ut kva slags sjangrar det er snakk om. Lag ei oversikt. Kva slags musikk likar du? Lag ei speleliste eller hald ein presentasjon for klassa om smaken din. Kanskje det er andre elevar som likar det same?

Kvifor handlar popmusikk ofte om kjærleik? Tenk sjølv, diskuter i grupper og del med resten av klassen.

Oppfordring: Spel sjølv! Spelar du eit instrument, eller har du lyst til å det? Vi oppfordrar deg til å spele aleine, saman med andre, lage eit band, berre spel i veg. Bruk musikkrommet på skulen viss det finst.

La deg inspirere av handlinga i utdraget og skriv di eiga song om å sakne nokon, kjærleik, eit plass i hjartet ditt eller andre ting du er glad i. Oversett gjerne til engelsk eller bokmål.

Sjå på sjangersymbolet til utdraget. Er du einig i at sjangeren/hovudtemaet i denne boka er drama? Kvifor/kvifor ikkje? Kva for andre sjangrar eller tema kan passe, tykkjer du?

FLEIRE BOKTIPS:

Ti kniver i hjertet av Nora Dåsnes, Aschehoug 2020

Space band av Tom Fletcher, oversatt av Torleif Sjøgren-Erichsen, Aschehoug 2023

Proffdrømmen – Girlskate 3 av Eldrid Johansen, Steffen Sørum, illustrert av Ingrid dos Santos, Gyldendal 2023