Aktivitetar til Stella står i det

Sjå på sjangersymbolet til utdraget. Er du einig i at sjangeren/hovudtema i denne boka er drama. Kvifor/kvifor ikkje? Kva andre sjangrar eller tema kan passa, meiner du? 

–

Lag ei speleliste med gode bursdagslåtar til Stella. Bruk dei i klasserommet når ein av dykk har bursdag! 

–

Kva er din drøymebursdag? Teikn, skriv og fortel. 

–

Stella syns at det er vanskeleg at dei ikkje har så mykje pengar. Kva slags kvardagsutfordringar kan det skapa å ha litt dårleg råd. Kva kan ein gå glipp av? Og ikkje minst: Kva kan ein lære av det? På kva måtar vert ein nøydt til å bli meir kreativ? 

–

Sjå på tittelen: Stella «står i det.» Kva tyder det? Kan du finne synonym til utrykket? Kva er eit synonym? Og kva er eit antonym? Forklar for kvarandre.  

–

Finn fram poeten i deg og skriv et bursdagsdikt. Du avgjør selv formen, med eller uten rim.

 

Likte du denne boka? Kva med desse? 

Berre hopp av Åshild Moldskred, Samlaget 2021 

Ikke lov å le av Kine Jeanette Solberg, Aschehoug 2021 

Raringen av Kari Stai, Samlaget, 2026 

Buffy By er talentfull: en selvbiografi av Ingeborg Arvola, Cappelen Damm 2019