Aktivitetar, Vulkanen Vaknar – Overleve 1

1

Teikn di eiga dystopiske teikning av heimplassen din, eller ein annan plass du kjenner til. 

2

Kva trur du vil hende om all polisen smeltar? Søk etter fakta på nettet og skriv ein faktatekst om konsekvensane. Kjeldetips: https://www.wwf.no/klima-og-energi/arktis   

3

Stormar, orkanar, tyfonar og anna uver kan skape store øydeleggingar i verda. Finn nokre eksemplar på desse i nyare tid og lag ei presentasjon for klassen.  

4

Dei siste 10-15 åra har det vore mykje dystopi i bøker, filmar og fjernsynsseriar. Leit på nettet og finn ut meir om dei.

5

Å vere bærekraftig kan bety mange ting. Kva betyr det for deg? Kva har menneska i fortida til verda i Vulkanen Vaknar gjort som ikkje er bærekraftig, slik at verda har blitt som ho har blitt?

6

I boka har heile det amerikanske kontinentet, bortsett frå Canada, slått seg saman til ein stat: Americas, med hovudstad i Mexico City. Om Europa skulle har gjort det same, kva trur du det hadde vert kalla, og kva trur du hovudstaden hadde blitt? Lag ei gruppepresentasjon med veggavis eller med digitale hjelpemidler.  

7

Dei siste setningane i utdraget er: «Eg føler på meg at vi blir jakta på. At nokon er der rett bak horisonten og følger med på oss.»