Aktivitetar, Keeperen og havet

 

1.

I Keeperen og havet er det brukt ein del språklege bilde, f.eks.: «Lena slepte kjølebagen som eit anker etter seg» og «Skrekken slo ned i meg som eit hammarslag».

Kan du finne på slike språklege bilde, du også?

Ei god bok er som …

Ein god venn er som…

Sommerregn er som…

Lesing er som…

Bruk eksempla og finn sjølv på fleire. Send gjerne inn til oss og ver med i trekkinga av ei bokpakke 😉

 

2.

Lag ei forside til Keeperen og havet.

Sjå på forsida til Keeperen og havet og les utdraget.
Ver designar og lag eit forslag til ei ny forside til boka.
Korleis får du fram handlinga og stemninga i teksten? Kva slags personar skal vere med på bildet? Kva slags farger? Korleis får du fram kva slags bok det er? Korleis gir du lesaren lyst til å lese boka?
Hugs å ha med tittel på boka og forfattarnamn. Du kan gjerne bruke foto, teikning, bildeprogram og så vidare. Last opp bidraget ditt under eller send det i posten til Foreningen !les, Øvre Slottsgate 3, Postboks 183, 0102 OSLO.
Dei beste forslaga blir premiert med bokpremiar.
Hugs vedlegg og hugs å skrive namnet ditt og kva slags skole du går på, slik at vi kan kontakte deg viss du vinn. Alle som vinn vil også bli publisert på nettsidene.
Fristen for å sende inn er 11. november.