Aktiviteter, Som ein bror

1.

Skrivekonkurranse

Som ein bror er ein biografi om sjimpansen Julius.
No er det din tur til å skrive ein biografi!

Du vel sjølv om du vil skrive om ein verkeleg person, ein fiktiv person eller kanskje eit dyr. Eller om noko heilt anna som du synest fortener å bli skrive ein biografi om.
Du vel sjølv om du vil skrive sakleg, humoristisk eller alvorleg.

Send inn teksten din og delta i konkurransen.
Dei fem beste tekstene blir premiert med bokpakker.
Hugs å skrive namnet ditt og namn på skulen du går på, slik at vi kan kontakte deg viss du vinn. 

Fristen for å sende inn er 9. november.