Bokslukarprisen 2022: Juryen si grunngjeving

Vinnere: Dag Otto Lauritzen (t.v.) og Frode Eie Larsen sier det var stort å vinne Bokslukerprisen 2022. Foto: Vibeke Røgler/Foreningen !les

I dag blei «Hetebølge» av Dag Otto Lauritzen og Frode Eie Larsen kåra til vinnar av Bokslukarprisen 2022. Her kan du lese juryen si grunngjeving.

Vi i juryklassane har dei siste månadene lest mykje meir enn normalt. Vi har imponert oss sjølve med gode refleksjonar, stort lesetempo og vi har blitt interessert i ulike sjangrar. Vi har opplevd leseglede og at bøker kan gjere oss heilt oppslukt. Det var vanskeleg å velje den aller beste boka, fordi bøkene var så ulike med ulike perspektiv og bodskap. Vi fant til slutt ein vinnar.

Vinnarboka var lett å lese. Det var lett å skjønna kor alt gjekk føre seg og kva personar som var i sentrum. Det var enkelt å følgje hovudpersonen. Vi synst at det var ein del fine miljø- og personskildringar i boka. Du som les lever deg inn i boka og lar fantasien flyge.

Juryklassane likte godt at det var mange spenningsmoment i boka. Ho byrjar rett på sak, og allereie i starten skjer det noko nervepirrande. Fleire av oss skriv at det er «ei av dei mest spennande bøkene vi har lese». Fleire peika på at det var vanskeleg å leggje frå seg boka når du først har byrja å lese, det er alltid noko rundt neste sving. Ein vil berre lese vidare og vidare heile tida. Ein kan lese i fleire timar og framleis tru at det berre har vore nokre minuttar.

Mykje av spenninga kjem av at folka i boka bryr seg om andre. Personane bekymrar seg for kvarandre, og difor er dei lette å like. Du vil heie på dei! Karakterane er levande skildra, slik at vi blir godt kjent med dei alle. Vi elskar spenninga som desse modige ungdommane gav oss gjennom heile boka!

Vinnarboka er gripande fordi ho er truverdig. Ho har ei god handling som er realistisk og gir meining. Det er positivt at boka ikkje har bilete, for då kan vi lage vår eiga verd medan vi les, og vi synst óg det er positivt at vi ikkje får svara på alt vi lurar på med ein gong. Det gjer oss nyfikne gjennom heile boka, heilt til ein får nokre forklaringar på slutten. Vi får ikkje svar på alt, og difor er vi spente på neste bok.

Vi tilrår boka til alle frå 9 til 100 år! Årets vinnar av Bokslukarprisen er Hetebølge av Dag Otto Lauritzen og Frode Eie Larsen!

Les pressemelding her