Bratteberg skule, Volda

Vi er 6. klasse ved Bratteberg skule i Volda kommune.

Vi er ein livleg og triveleg gjeng med mange ulike meiningar og interesser. Difor trur vi at vi kan representere elevar i Noreg, når det gjeld å stemme fram den beste Bokslukerboka i 2021.

Volda er ei vakker bygd på Sunnmøre. Rundt oss har vi storslått natur med høge fjell og djupe fjordar. Det er lett å finne fine turmål i nærområdet vårt. Kanskje vi kan ta med oss bøkene ut, og ha lesestunder i det fri? Berre det sluttar å regne…

På fritida held mange av oss på med sport som t.d. fotball, handball, riding, dans, symjing, friidrett, ski, skiskyting, trial og e-sport/gaming. Fleire av oss spelar instrument og nyt musikken, andre likar godt å teikne, halde på med lego og å lage mat.

Og mange av oss er veldig glade i å lese. Det er kjekt å høyre gode historier og forteljingar. Vi vart glade for å få vere med i juryen til Bokslukerprisen.

I klassa vår legg vi merke til dei gode eigenskapane i kvarandre. Vi er m.a. flinke til å hjelpe kvarandre når nokon treng hjelp. Vi syner omsorg og trøystar kvarandre når nokon har fått vondt eller er lei seg. Vi samarbeider om å løyse oppgåver.

Når vi skal stemme fram den beste boka til Bokslukerprisen 2021, må vi nok tenke mest på å bruke eigenskapen respekt. Vi må alltid syne respekt for kvarandre, sjølv om vi har ulike meiningar. Klarer vi det, kan vi argumentere og diskutere og vere usamde, men likevel gå ut til friminutt og vere gode vener. Og det vil vi klare. Vi gleder oss til oppdraget.