Einedalen skule, Møre og Romsdal


Herøy kommune ligg i Møre og Romsdal, og her finn du Einedalen skule. Einedalen skule er den nyaste barneskulen i Herøy kommune og vart teken i bruk i januar 2010. Vi har ca 190 elevar.
Skulen vår har eit stort uteareal, med skog, ballbinge, baskeballbane og volleyballbane. Vi har kort vei både til sjø og fjell.

5.klasse er ein humoristisk gjeng, med stor interesse for lesing, men også for sjakk, speidar, turn, handball, piano, gitar, fotball, kor, dans, drama og origami.
Vi har alle kosebok og er for tida godt i gong med å lese og vurdere bøker til neste års Bokslukerpris.
Vi var med på Bokslukerprisen i haust og vart derfor veldig glad då vi fekk tilbod om å vere ressursklasse for neste års Bokslukerpris.
Her er vi: