Harald Nortun: Eksperimentet
A. FØR:
Eksperimentet handlar om ei forviklingshistorie der en del forventningar til samanhengane mellom kjønn og identitet blir tydelege.
Før-leseaktiviteten handlar også om kor mykje forventningar betyr for oss.
Snakk med elevane om korleis dei kan bruke lesestrategiar til å danne seg et førstehandsinntrykk av ei bok. La dei komme med forslag til kva for delar av ei bok dei brukar før de les. Er det forskjell på kva dei ser etter når dei før-leser en roman og for eksempel en lærebok? Korleis ville dei gått fram for å skaffe seg ei hurtig oversikt over innhaldet i ein roman – kva lesemåte ville dei ha brukt? Snakk eventuelt også litt om kva som kjenneteiknar presentasjonar som verker overtydande.
Plana er no at elevane skal få nokre minutt, for eksempel 3-5 minutt, til å førebu ein munnleg omtale av Eksperimentet – vel å merke utan å ha lese teksten. Målet med øvinga er at elevane skal få økt forståing kor viktig før-lesinga kan vere og korleis for eksempel såkalla terskeltekstar (tittel, framside, ingress eller samandrag, eventuelt innhaldsliste osv.) kan påverke forventningane til – og dermed også lesinga av – en bok. Ved å bevisstgjøre eleven om disse forventningane, kan de også brukast aktivt i skulearbeid og lesing.
Den konkrete oppgåva er at elevane skal bruke tips frå samtalen ovanfor til å prøve å danne seg eit kjapt inntrykk av innhaldet i teksten og deretter bruke dette inntrykket som utgangspunkt for å gjette seg til – eller finne på – kva resten av boken handlar om. Etter nokre få minutt skal dei gå i grupper på 3 elevar og fortelje om boka på ein måte som verker overtydande på dei andre elevane i gruppa slik at dei andre nesten kunne trudd at boka var lesen.
Når elevane er ferdige, deler de erfaringane i plenum.
For å støtte elevene i prosessen med å danne seg et bilde av innhaldet, er det mulig å lese ingressen i fellesskap. Då kan elevane med fordel få å vite at Amund fikk ideen til eksperimentet etter at Amanda måtte klippe seg millimeterkort fordi ho hadde fått maling i håret. I tillegg viser Amund undervegs til at han vurderer å bli skodespelar og at det var ei viktig årsak til at han tok initiativ til at tvillingane skulle bytte roller. Dette forklarer nemleg ein del av bakgrunnen for eksperimentet.
B.UNDERVEGS:
Be elevene tenke over korleis fyrsteinntrykket av boka endrar seg i løpet av lesinga av utdraget. I kva grad stemmer forventningane? Er det noko som overraskar dei?
C.ETTER:
1.Snakk om stikkorda i heil klasse
Klassesamtale.
Utdraget handlar mellom anna om samanhengen mellom kva kjønn ein har og kven ein er.
Det eignar seg derfor til å snakke om kva som er likt og ulikt mellom gutar og jenter.
– Ein stad i Eksperimentet tenkjer hovudpersonen Amund over forventningane til gutar og jenter og kjem då fram til følgjande: «Jentegutar i kjole er flautt og pinlig. Amanda slepp lettare, gutejenter med kort hår er tøffe og populære.»
– Er de einige i dette?
– Er det nokre ting du berre kan gjere visst du er jente?
– Nokre ting du berre kan gjere om du er gut?
– Kva synst de om det?
– Kva skjer vidare i forteljinga, trur de?
– Har du nokon gong hatt lyst til å lure nokon som står deg nær? Fortel!
2.Individuell oppgåve
Sjå for deg at du kunne bytta kjønn for ein dag – kva ville du gjort?
3.Avstemming i heil klasse
Klassesamtale
Likar elevene utdraget frå Eksperimentet? Er det ei bok som kan få oss til å tenkje over viktige ting? Kvifor/kvifor ikkje?
Det er viktig at synspunkta vert grunngjevne
Når avstemminga er ferdig, fører de resultata inn på Klassens side og på plakaten.