Hareid skule, Hareid

 

Hei!

Vi er 5.trinn frå Hareid Skule på Sunnmøre. Vår gjeng tel 34 stk, men til saman er vi 240 elevar på heile skulen. Vi bur på ei ganske stor øy, like utanfor Ålesund. Her driv vi med mange typar idrettar, kunst, speidar og musikk på fritida vår. På skulen har vi eit kjekt uteområde der vi leikar mykje ilag.

Vi er ein blid og kreativ gjeng som lærer å samarbeide på mange ulike måtar i undervisninga. Denne veka har vi dramatisert og filma fleire kjende folkeeventyr, og vi har nettopp avslutta eit større prosjekt om forfattaren Roald Dahl, der vi hadde som mål å auke leselysta til elevane på skulen.

Vi likar å lese. Biblioteket på Hareid har vore stengt ei tid. Snart skal det opne eit nytt, flott folkebibliotek som ligg rett ved skulen vår, og det gler vi oss veldig til. Det var derfor veldig kjekt å få tilsendt heilt rykande, ferske bøker i posten. Det er spennande å lese bøker som ikkje så mange kjenner til enno, og få seie vår meining om dei. Bokslukarprisen vert for oss eit kjekt og inspirerende prosjekt. Vi lovar å gjere ein skikkeleg innsats med å vere anmeldarklasse.

Takk for at vi får vere med, og takk for flotte bøker!