Lærarrettleiing til Historia om Erling Braut Haaland

Av Ørjan Zazzera Johansen, illustert av Thomas Kirkeberg

 

Før lesinga  

Heng opp plakaten i klasserommet.   

Klassesamtale. 

Sjå på bokomslaget.  

– Kva legg dokker merke til når dokker ser på framsida? 
– Kva tankar får dokker når dokker ser på bilete? 
– Korleis vil dokker beskriva personen som er avbilda i ulike situasjonar? 
– Kva andre ting legg dokker merke til på omslaget? 
– Korleis forstår dokker tittelen: Historia om Erling Braut Haaland?Kunne boka hatt ein annan tittel?  

Boka er ein biografi om Erling Braut Haaland.
– Kva forbind dokker med denne sjangeren? 
– Veit dokker om andre biografiar? Kva for nokon? 
– Kvifor trur dokker at Ørjan Z. Johansen har skrive ein biografi om nettopp Haaland?  Gi ulike årsaker. 

Les ingressen.
– Kva for situasjon blir trekt fram? 
– Kva trur dokker teksten handlar om? 
– Får dokker lyst til å lesa utdraget? Kvifor/kvifor ikkje?  

Viss du som lærar vurderar at utdraget kan bli ei utfordring for elevane dine, er det ein god idé å lese ingressen saman med elevane, og ikkje minst samlast rundt illustrasjonane og det som skjer der. 

Høgtlesing eller bruk av lydfil kan og vera ein god idé. Det gjev deg moglegheit til å stoppe opp undervegs for å snakka om kva som har skjedd, kva elevane dine trur vil skje vidare eller forklare ord eller avsnitt som er vanskelege å forstå.  

Undervegs  

Les eller lytt til teksten saman med klassen. Om du les den høgt for elevane, kan du sjølv vurdere om du stoppar opp ved ord, frasar eller setningar du tenkjer kan vere lurt å diskutere eller oppklåra etter stopp-tenk-snakk-prinsippet.   

Elevane kan sette strek under alle fotballord og -namn dei finn i teksten.  

Etter lesinga 

Snakk kort om teksten i heil klasse

Klassesamtale 

Gi elevane moglegheit til å ta opp ting dei lurte på medan dei las, slik at alle får ei god forståing av innhaldet i teksten. La samtalen fyrst vere heilt fri for rammar.  

Mi leseoppleving

Individuelt arbeid.   

La elevane formulere si eiga oppleving av teksten, gjerne skriftleg. Her er nokre forslag til setningsstartarar:   

Då eg leste tykte eg det var overraskande at …  

Det var spennande då …  

Eg skjønte ikkje heilt kvifor …  

Det var rart at…  

Det var kult at …  

Eg blei overraska over at …  

Det virka fint at …  

Oppmuntre elevane til å grunngje påstandane sine ved å følgje opp alle med «fordi».   

Døme: «Det var kult at … Erling skåra hat trick i sin Champions League-debut, fordi han med det introduserte seg på fotballkartet i heile verda».  

La elevane dele sine opplevingar med kvarandre, enten i grupper på tre eller fire elevar, eller felles i klassen.  

Klassesamtale

Ta utgangspunkt i den personlege leseopplevinga til elevane. Begynn med spørsmål som: «Kva handla dette om?» eller «Kva skjedde her?», og la samtala utvikle seg ved å byggje vidare på elevane sine svar – då opplev elevane at leseopplevinga deira blir høyrt og teke på alvor.  

Du kan og ta utgangspunkt i eitt eller fleire av desse spørsmåla i klassediskusjonen:    

– Kvifor har forfattaren valt å starte boka midt i ein situasjon, trur dokker? Og kva for situasjon er det?
– Kor ligg Salzburg?
– Kvifor trur dokker Erling hadde drøymt om denne augneblinken i mange år?
– Må ein spele fotball for å like dette utdraget?
– Kva gjer Erling så spesiell? Og kva betyr det å «få det til når det verkeleg gjeld?»
– Kva er mesterligahymna? Spel den av i klasserommet på slutten av dagen!
– Kva tykker dokker om illustrasjonane på side 10 og 11?
– Kva betyr dei små mikrofonane og den vesle teksten i bileta?
– Korleis trur dokker livet til Erling forandra seg etter denne kampen?
– Kvifor blei Erling født i Leeds i England?
– I kva slags klubbar spelte faren hans, Alfie?
– Alfie var fotballproff i England på 1990- og tidleg på 2000-talet. Kor mange andre nordmenn var proffar i England på den tida? Gjer eit felles nettsøk og finn det ut!
– Kven blei kalla «Mr. Bryne?»
– Korleis blir Bryne omtala i teksten?
– Kva er ein «rival»?
– Kva for nokre andre rivalar kjene dokker til i idrettsverda?
– Kvifor trur dokker fotball er så viktig på Jæren?
– Kva trur dokker skjer vidare?   

 

 Til slutt kan dokker gå til vurderinga og spørje:  

 – Likte dokker teksten? Kvifor/kvifor ikkje?  

Det er viktig at synspunkta blir grunngjeve slik at det kjem tydeleg fram kva elevane meiner om teksten. Tenk gjerne på korleis du kan leggje til rette for at elevane får lyst til å dele meningane sine om teksten.   

Når dykk er ferdige med å vurdere, stemmer dykk over utdraget i klassen. Tykker elevane at utdraget er dårleg, passe bra, bra, veldig bra  eller super?  

Registrering av resultatet 

Når avstemminga er ferdig, registrerast resultatet inn på Klassens side på bokslukerprisen.no og på plakaten. Det er viktig å gjere dette før klassen startar på neste utdrag i antologien. Då blir resultata synlege og viser progresjon, samtidig som klassen har oversikt over resultata.