Ingunn Thon: Ollis

FØR:

Heng opp plakaten på ein eigna stad i klasserommet.
Sjå på bokomslag, tittel, bokslukarfigur og snakk om forventningar til utdraget.

Ta ev. utgangspunkt i spørsmål som:
– Kva ser de på framsida?
– Kven trur de er Ollis og kven er Gro?
– Synest de at det går an å vere bestevenner sjølv om ein er ulike? Kvifor/kvifor ikkje?
– Kven trur de den tredje personen på bildet kan vere?
– Klarar de å finne fleire forbindelsar mellom ingress og framside?
– Kva slags forventningar har de til ei bok som handlar om vennskap?
– Kva trur de utdraget frå Ollis handlar om?
– Kva slags stemning trur de vil vere mest tydeleg – romantisk, spennande, skummel, trist, ekkel, morosam, vond?
– Får de lyst til å lese utdraget? Kvifor/kvifor ikkje?

Om du som lærar vurderer at utdraget kan bli ei utfordring for elevane dine, er det ein god idé å lese ingressen med elevane. Det kan òg vere lurt å førebu lesinga ved å snakke om nokre av orda i teksten, til dømes: andletet, botnlaust, runne, kor, laurdag, sveitt, vassfast, dørgande, gøymer, gneistrande, kamuflasjegreinene, målinga, forbode, attende, fryktlaus, augebryna og bringa.

UNDERVEGS:

– Noter spørsmål til teksten dersom det er noko de lurer på.
– Marker i margen der det dreier seg om å vere modig/forsiktig. Set til dømes ein strek i margen der Ollis er forsiktig eller redd og ein trekant der Gro verkar modig. Dersom det er stader i teksten der dei byter roller (Ollis er modig eller Gro er redd) kan de markere dei med ei runding.


ETTER:

1. Snakk kort om teksten i heil klasse
Klassesamtale.

Snakk om ting de lurte på mens de las, slik at alle har ei førebels forståing av tekstens innhald.

2. Leseopplevinga mi
Individuelt arbeid.

La elevane formulere korleis dei opplevde teksten, gjerne med hjelp av dei faste uttrykka under. Døme: «Eg synest at … slutten på utdraget var god fordi det fekk meg til å lure på kva som skjer vidare og gav meg lyst til å lese meir.»

a. Då eg las, la eg merke til …
b. Eg synest at …
c. Eg likte godt då …
d. Eg blei irritert over …
e. Det gjorde inntrykk på meg at …
f. Viss eg var …
g. Eg blei skuffa over …
h. Eg blei overraska over …
i. Slutten var …

3. Del leseopplevinga
Gruppesamtale.

Elevane deler leseopplevinga si i grupper på fire-fem elevar. Dei kan òg snakke saman i gruppa om kva dei synest var bra og dårleg med teksten, og kva dei eventuelt synest kunne vore betre.

4. Samtale om innhald og språk
Klassesamtale.

Etter at elevane har jobba individuelt med å formulere leseopplevinga si, kan dei snakke om utdraget i heil klasse.

For å få til litterære samtalar som utviklar lesegleda til elevane, er det ofte ein fordel å ta utgangspunkt i den personlege leseopplevinga til elevane. Begynn derfor gjerne med spørsmål som «kva handla dette om?» eller «kva skjedde her?», og la samtalen utvikle seg gjennom å formulere opne og autentiske spørsmål som byggjer vidare på svara til elevane. Då opplever elevane at leseopplevinga deira blir høyrt og teke på alvor.

I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande meir spesifikke spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:
– Kven liker de best av Ollis og Gro? Kvifor?
– Synest de at Ollis er forsiktig? Korleis kjem det til uttrykk i teksten?
– Synest de at Gro er modig? Grunngje svaret.
– Finst det døme der det motsette er tilfelle? Fortel.
– Kvifor trur de at Ollis blir sint når Gro spør om pappaen hennar?
– Kvifor trur de at Ollis lyg om Borgefar?
– Kvifor trur de at Ollis nesten angrar på at ho ser t-en på stopp-skiltet?
– Er det rett av Ollis og Gro å gå vidare sjølv om det står «stopp» og «forbode»?
– Korleis vil de beskrive vennskapet mellom Ollis og Gro?
– Kva synest de er det viktigaste i eit vennskap?
– Ser de dette i vennskapet mellom Ollis og Gro?
– På kva måte trur de at slutten på utdraget kan sette venskapet på prøve?
– Kva trur de skjer vidare?

5. Avstemming i heil klasse
Klassesamtale.

Til slutt diskuterer de utdraget i klassen med tanke på å nå fram til ei felles vurdering.

– Likar elevane teksten? Kvifor/Kvifor ikkje?

Det er viktig at synspunkta vert grunngjevne.

Når avstemminga er ferdig, fører de resultata inn på Klassens side og på plakaten.