Juryklasse: 5./6. klasse, Stanghelle skule, Vestland
Heisann!
Me er 5. og 6. klasse ved Stanghelle skule, to klassar som er blitt slått saman til ein. I klassen vår er det 18 elevar. Me er 8 jenter: Amalie, Hala, Synnøve, Karina, Linnea, Mathilde, Mathilde Johanne og Martine, og 10 gutar: Dali, John Rafael, Kristoffer, Samuel, Sivert, Jonathan, Leon, Leo-Zacharias, Matheo og Viljar. Me er ein glad, snill, inkluderande, livleg, pratsam, tøysete og litt bråkete klasse. Me les mykje på skulen, og dei fleste er veldig glad i å lese. Då har me skikkeleg god lesero. I år er det vår klasse som skal vere éin av dei ni utvalde juryklassane, noko me har jobba så hardt for å bli. Me vart difor veldig glad då me fekk høyre at me var blitt valt ut. Me har sjølvsagt lese alle dei ti tekstutdraga, og er no supergira på å lese dei fem superfinalistane. Me har allereie nokre favorittar, men kanskje kjem me til å ombestemme oss når me får lese heile bøkene. Det er skikkeleg gøy at klassen vår skal få vere med på å velje ut vinnaren for 2023/2024. Tenk at me skal få vere med på noko så kult. Me håpar det blir Oslo-tur på oss i april, og tenker at det vil vere veldig kjekt og bra for klassemiljøet. Me gler oss!
Helsing 5. og 6. klasse ved Stanghelle skule