JURYKLASSE: 6.tinn, Valle skule

Nærlesing i bokskogen i Setesdal.
Her er 6. klasse ved Valle skule i Setesdal! I klassen er det fem gutar og fire jenter, og me har alltid vore glade i å lese. Me snakkar mykje med kvarandre om gode bøker, og gir kvarandre tips til gode leseopplevingar. Dette har gjort at me ofte oppdagar og testar ut nye sjangrar, som me kanskje ikkje hadde prøvd utan andre sine anbefalingar.
I klasserommet har me eit eige lesetre, kor me samlar inn blad. Her får me vurdere kor mange blad ei bok er verd, ut frå kor avansert boka er. Målet er å slå fjorårets bladrekord, og me er godt på veg! Me gler oss til å lese dei fem superfinalistane, og få reise til Oslo i april. Fleire av oss har alt lest nokre av dei, men det gjer berre diskusjonen betre.
Det er kjekt å finne på ting saman som klasse, og arbeide saman mot eit felles mål. Sjåast i Oslo!