JURYKLASSE: 6.trinn, Midtbygda og Harpefoss skule

Juryklasse i lesetrapp
Hei! Vi er 6.klasse ved Midtbygda og Harpefoss skule. Skulen vår ligg på Hundorp i Sør-Fron kommune i Innlandet fylke; i sjølve hjartet av Gudbrandsdalen.
I mars i fjor vart skulane våre slått saman, og vi fekk mange nye klassekameratar. Vi er nå delt i A og B-klasse på til saman 33 elevar. Vi arbeider mykje med venskap, å vere ulike og det å respektere kvarandre, og vi syns det er fint å bruke bøker både som utgangspunkt for gode samtaler, eller berre rett og slett for å dele ei fin leseoppleving.
Som elevgruppe er vi ulike, men samtidig har vi eit godt og positivt læringsmiljø. Vi er opptekne av fotball, gaming, sykling, vener, jakt, friluftsliv, familie og ellers alt som skjer i samfunnet rundt oss. Vi er også mange gode og reflekterte “lesehestar”, og mange som har vorte meir glade i lesing ettersom vi har starta på arbeidet med Bokslukerprisen.
Det at vi er sosiale og elskar å diskutere, gjer at vi trur vi er godt egna til å vere juryklasse. Det er lett å tenkje berre på kva som skjer i boka når vi skal seie om ei bok er spanande eller ikkje, men vi øver oss nå på å vurdere kva vi liker eller ikkje, og kvifor det er slik.
Vi gler oss til å prioritere lesing denne våren, og vi gler oss veldig til å vere med å kåre vinnaren av Bokslukerprisen 25/25.