JURYKLASSE: 6.trinn, Sagvåg skule

Leseglede på kunstgress.
Her er me! 6. klasse ved Sagvåg skule. Me er 25 elevar som held til på øya Stord i Vestland fylke. Me er positive, kreative og har mykje energi. Me kallar oss for sjølv for «laget». Det gjeld uansett kor me er, om det er på fotballbanen eller i klasserommet. Me vet kva det tyder å vere på lag, det tyder at me må jobbe saman og ikkje berre tenkje på oss sjølv. Me er også eit lag når me leser bøker. Og me les mykje! Både på norsk og engelsk. Me leser som eit lag og dukkar inn i bøker som eit lag. Me kan le saman, bli sinte saman, grine saman, vere redde og spente saman. Historia blir så mykje meir verkeleg om ein kan snakke saman om den og oppleve den saman. Me i 6. klasse elskar prosjekt og om me kan lære på ein litt annleis måte så gjer me aller helst det! Me er flinke til å heia på kvarandre og motivera kvarandre, og det er me no klare for å ta med oss inn i arbeidet som jury for Bokslukarprisen 2024/2025.