Juryklasse: 7.trinn, Valldal skule, Sylte

 

I 7. klasse på Valldal skule er vi ein gjeng med 6 kule gutar og 8 kule jenter! Faktisk er vi dei kulaste på heile skulen, i følgje oss sjølve. Vi har ganske spesiell humor. Nokre seier at vi ikkje ler av pappa-vitsar, men det gjer vi! Har du høyrt om grisen som reiste til England for å bli pigg? I ei kjapp avstemming viste det seg at 9 av oss er hundepersonar, medan 4 av oss likar kattar best. 1 av oss likar best apekattar… Altså, vi kan vere ganske rare, irriterande og fjasete. Men vi er også ganske aktive, glupe og snille!

Vi likar godt høgtlesing! Då kan vi diskuterer boka saman, fordi vi kjem like fort framover. I øktene med høgtlesing brukar vi å vere stille og konsentrerte, men plutseleg er det noko vi har nødt å diskutere!

No er vi veldig gira på å lese bøker. Bøkene vi likar best er dei som har action, spenning, handlar om krim, grøss… og humor! Blant utdraga i bokslukerantologien var det Evighetsspillet vi likte best, og blei veldig glad då den vart superfinalist! Det blir spennande å sjå kva bok som blir favoritten vår til slutt, etter å ha lest alle fem frå perm til perm!

Og, hei! Hovudmålet vårt er nynorsk, som de kanskje har lagt merke til. Vil det gjere at vi kjem til å like den einaste boka som er på nynorsk, best..?