Juryklasse: Hemsedal barne- og ungdomsskule

5. klasse ved Hemsedal barne- og ungdomsskule er juryklasse i Bokslukerprisen 2021/2022.

Vi er litt lang frå biblioteket, så i staden for å lese der kvar veke, kjem biblioteket hit med bokkasser til oss. Dei er veldig flinke til å finne ting vi likar å lese.

5. klasse er ein super gjeng, som for augeblikket held til i eit hus heilt for oss sjølve. Huset er bygd i tømmer, og er eigd av Samhald ungdomslag, Det vart sett opp på 30-talet.

Det er 15 jenter, og 20 gutar i klassa, så tilsaman er vi 35 elevar.

Vi har stor uteplass, då idrettsplassen og skøytebanen er rett utanfor døra.

Me er elevar som har norske, danske, svenske og syriske føresette.

Mange av oss likar å synge, danse og opptre for andre. Nokon er glad i å lese og teikne. Vi har både scene og piano i klasserommet.

Vi er litt lang frå biblioteket, så i staden for å lese der kvar veke, kjem biblioteket hit med bokkasser til oss. Dei er veldig flinke til å finne ting vi likar å lese.

Vi er delt inn i 2 grupper. Noko av undervisninga foregår difor i ungdomsklubben, som held til i kjellaren i det same huset.

Vi har det fint saman, men det hender me kranglar og er ueinige og.

Hemsedal er ei bygd med mykje snø og turistar om vinteren, så her må alle like å vere ute, og stå på ski og brett.