Juryklasse: Hjelmeland skule i Ryfylke

6. klasse ved Hjelmeland skule er juryklasse i Bokslukerprisen.

Me liker å besøke biblioteket både på skulen og folkebiblioteket i kommunen, og det er ekstra stas viss nokre vaksne vil lese høgt for oss.

Me er ein leseglad og engasjert gjeng frå Hjelmeland skule i Rogaland som gler oss til å vere juryklasse og lese superfinalistane i Bokslukerprisen.

Me er 18 elevar i 6. klasse, ni jenter og ni gutar, fleire av oss har eit anna morsmål enn norsk. På Hjelmeland skule er det 105 elevar, skulen ligg flott plassert midt i Ryfylke.

Me liker å besøke biblioteket både på skulen og folkebiblioteket i kommunen, og det er ekstra stas viss nokre vaksne vil lese høgt for oss. Me likte «Grøss og Gru, eg har venta på deg» best då me las utdraga i antologien, men «Charlie Drømmevandrer» var og populær.

Me blei svært glade då me fekk meldinga om at me var plukka ut som juryklasse. Me veit at me må leggje ned ein stor arbeidsinnsats, slik at me nominerer den boka klassen vår liker best.