Juryklasse: 5. – 7. klasse Lavik skule

Motivert og sammensveisa gjeng. Foto: Privat.

Vi er 11 elevar som går i 5.–7. klasse. Vi går på ein liten skule med 44 elevar frå 1.–10. klasse. Det gjer oss til ein stor gjeng som leikar og kosar oss saman på kryss og tvers – store og små. Vi lærer av kvarandre, og vi lærer å inkludere alle. 

Heile 90,9 % av oss spelar eit instrument i skulekorpset, og for eit par år sidan vann vi NM i 4. divisjon. Nesten alle jentene spelar fotball – med klare ambisjonar om å ende opp på landslaget. Gutane likar betre å game. Men elles finn vi på mykje anna kjekt! Lavik er ei lita bygd, så eigentleg er dei fleste med på det meste som skjer. 

Vi er glade i å lese, og vi har tilgang til skulebiblioteket når vi vil. Og bibliotekaren vår fikser alt vi ønsker oss. Vi har alltid ei bok i kassa vår, og den les vi i kvar gong vi har høve. Vi blir ofte lest for når det er matpause. Det kan vere litt vanskeleg å setje seg inn i fantasiens verd når vi les bøker, men no er vi godt i gang med bøkene vi skal vurdere, og vi synest det er skikkeleg spennande. Og vi gler oss faktisk til å ha lesevake på skulen – ja, vi skal overnatte på skulen og lese heile natta. Vi håpar berre at det ikkje blir Liket i myra vi skal lese denne natta! 

Vi takkar for det ærefulle oppdraget og gleder oss til å vere med og stemme fram den barneboka som verkeleg fortener å vinne.